Victory Nunatak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Victory Nunatak
nunatak
Land  Antarktis
Stad Graham Land
 - høgd 360 moh.
 - koordinatar 68°45′S 64°22′W
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Victory Nunatak
68°45′0″ S 64°22′0″ W
Victory Nunatak is located in Antarktis
Victory Nunatak (Antarktis)

Victory Nunatak er ein kjenneleg øyliknande nunatak med tre klipperik toppar, den sørlegaste og høgaste med ei høgd opp mot 360 moh. Han stig opp av isen søraust i Mobiloilfjorden 8 nautiske mil (15 km) søraust for Kay Nunatak på austkysten av Den antarktiske halvøya. Nunataken vart først kartlagd av W.L.G. Joerg frå flyfoto tekne under Lincoln Ellsworth den 23. november 1935. Han vart så fotografert frå lufta av U.S. Antarctic Service (USAS) i september 1940. Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i august 1947, og Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE) (trimetrogonbilete) i desember 1947. Han vart namngjeven av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1961; sett frå lufta ser han ut som tre prikkar og ein strek, som er morsekoden for bokstaven «V».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Victory Nunatak» (innhald frå Geographic Names Information System).