V

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alfabetet
A B C D E
F G H I J
K L M N O
P Q R S T
U V W X Y
Z Æ Ø Å


V (v) er den tjueandre bokstaven i det normale latinske alfabetet. Eigentleg er han same bokstav som U, for teiknet for vokalen u vart på latin òg nytta for halvvokalen (konsonantisk u). Bokstavnamnet ve er nydanna i analogi med be, pe osv. På norsk er v ein stemt labiodental spirant som blir uttalt med underleppa mot overtennene. Det er den stemte lyden som svarer til ustemt f. På tysk vert v som oftast uttalt som f.

Historie[endre | endre wikiteksten]

V kjem frå den semittiske bokstaven waw, og blei forenkla til v av etruskarane. Romarane skreiv bokstaven både slik me trykker han no, og som ein liten u, slik mange fortsatt gjer i handskrift. Då ein byrja å bruka store og små bokstavar i mellomalderen brukte ein paret V/u, slik at ein fekk til dømes Vniuersitas. Ved renessansen skilde ein dei to bokstavane U og V, ettersom dei var blitt to ulike lydar, og liten v og stor U blei lagde til alfabetet.

Under andre verdskrigen fekk bokstaven V stor tyding i propagandaen. I juli 1941 innførte den britiske pressa det som symbol på siger (engelsk Victory)og samstundes vart det såkalla V-teiknet innført. Det bestod i at ein løfta handa med sprikande peike- og langefinger. BBC nytta V frå morsealfabetet (...−) som kjenningssignal i sendingane sine i dei okkuperte landa, og ein laga symbolikk av at Beethovens 5. symfoni, skjebnesymfonien, starta med same rytme V i morsealfabetet. I de tyskokkuperte landa vart V-en ofte måla eller teikna på husveggar og plankegjerde. Den tyske propaganda gjorde eit mislukka forsøk på å svare dette ved sjølv å annektere V-teiknet, som skulle stå for Viktoria. òg i etterkrigstida har V-teiknet vorte (mis)brukt som sigersteikn.

I NATO sitt fonetiske alfabetet kallar ein v Victor.

Tyding[endre | endre wikiteksten]

Samfunn

SssSchere.jpg

Som førstebokstaven i det engelske ordet Victory, siger, er bokstaven blitt brukt som eit kamp- og sigersteikn.

  • forkorting for det romersk førenamnet Valerius.
  • forkorting for venstre, verb, vest og vestleg.
  • føre etternamn forkorting for nederlandsk van og tysk von som tyder «av» eller «frå».
  • forkorting for tysk Vergeltungswaffe, som tyder «gjengjeldingsvåpen», eit omgrep nytta om to tyske våpen under andre verdskrigen, V-1 og V-2. Opphavleg stod V for Versuchsmuster, «eksperimenttype».

Naturvitskap

Kultur

  • i musikk forkorting for italiensk violino (fiolin), voce eller voci («stemme(r)»), og «volti» («vend (bladet)»).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]