Vikafjorden i Vaksdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°39′40.907″N 5°45′10.397″E Vikafjorden er ein fjordarm av Veafjorden i Vaksdal kommune i Hordaland. Han held fram som Bolstadfjorden og totalt har dei ei lengd på 16 km. Sjølve Vikafjorden har ei lengd på 4,5 km.

Fjorden har innløp mellom Hyrni i nord og Solarås i sør ved Stamnes. Den ytste delen av fjorden heiter berre Sundet. Like innanfor Stamnes ligg Fethaugen og Vikafjorden må gjere ein 180º sving rundt dette neset. På andre sida av Fethaugen ligg bruket Vik, som har gjeve namn til fjorden. Litt lenger aust ligg Straume ved den smale Bolstadstraumen og på den andre sida startar Bolstadfjorden som går inn til Bolstadøyri. Ved Straume ligg òg steinalderbusetnaden Skipshelleren.