Bolstadfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°37′7.7448″N 5°50′31.128″E Bolstadfjorden er ein 12 km lang fjordarm av Veafjorden og ei fortsetjing av Vikafjorden i Vaksdal kommune i Hordaland. Vikafjorden har innløp ved Stamnes og etter 4,5 km møter han Bolstadstraumen ved Straume, der Bolstadfjorden byrjar.

Bolstadfjorden går først søraustover og ved Dalseid snur han nordaustover. Frå her og inn til Bolstadøyri i botn av fjorden går E16 mellom Bergen og Voss langs sørsida av fjorden. Ved Trollkona må fjorden gjere ein stor sving nordover og så sørover, før han held fram nordaustover igjen og inn til Bolstadøyri. Her munnar Bolstadelva ut i fjorden, som kjem frå Evangervatnet.

Botn av Bolstafjorden er så langt inn i landet fjordsystemet i Hordaland strekkjer seg om ein ser bort frå Hardangerfjorden. Frå her og kortaste veg ut til kysten via Veafjorden, Osterfjorden, Radfjorden og Hjeltefjorden til Fedje er lengda 93 km.