Bolstadøyri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein del av bygda Bolstadøyri

Bolstadøyri er ei bygd i Voss kommune i Hordaland, i botnen av Bolstadfjorden. Bergensbanen passerer gjennom bygda; Bolstadøyri stasjon ligg 78 km frå Bergen og 414 km frå Oslo. Jamsides jarnvegen går Europaveg 16 i retning aust-vest.

Fram til 1963 høyrde Bolstadøyri til tidlegare Evanger herad. I 1930 budde 159 menneske i bygda, 16 år seinare hadde folketalet stige til 194.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok. II. Bandet. 1950