George Eliot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
George Eliot

George Eliot 30 år, måla av François D'Albert Durade
Pseudonym George Eliot
Nasjonalitet  UK
Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 22. november 1819
Nuneaton
Død

22. desember 1880 (61 år)
London

Yrke romanforfattar, omsetjar, filosof, skribent, lyrikar, journalist, essayist, redaktør
Språk Engelsk
Påverka av Johann Wolfgang von Goethe,[1] Baruch Spinoza,[1] George Sand,[1] Honoré de Balzac, Charlotte Brontë, Jane Austen
Påverka Thomas Mann, Virginia Woolf, Margaret Atwood, Norman Mailer
Periode Viktoriatida
Rørsle Viktoriansk litteratur
Sjanger Romanar, poesi
Religion ateisme, agnostisisme
Far Robert Evans
Mor Christiana Pearson
Ektefelle John Walter Cross
Debut Adam Bede (1859)
George Eliot på Commons

George Eliot, pseudonym for Mary Ann (Marian) Evans (22. november 181922. desember 1880) var ein engelsk forfattar, journalist og omsetjar.

Eliot var ein av dei leiande forfattarane under viktoriatida. Ho skreiv sju romanar, mellom dei Adam Bede (1859), The Mill on the Floss (1860), Silas Marner (1861), Middlemarch (1871–72) og Daniel Deronda (1876). Dei fleste av romanane har handling frå dei engelske provinsane og er kjende for realisme og psykologisk innsikt.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Arbury Hall, der Evans hadde tilgang til biblioteket.

Mary Anne Evans var fødd på South Farm i Arbury Hall i Nuneaton i Warwickshire i England. Fødselsåret hennar, 1819, var det same som det til dronning Viktoria, og levetida hennar fall saman med viktoriatida. Far hennar var godsforvaltar ved Arbury Hall. Tidleg i 1820 flytta familien til Griff House, mellom Nuneaton og Bedworth.

Som ung var Evans tydeleg intelligent, og ein storlesar. Faren gav henne ei utdanning ein sjeldan gav jenter på denne tida.[2] Frå ho var fem til ho var ni var ho på kostskule med systera Chrissey ved Miss Latham's school i Attleborough. Frå ho var ni til tretten var ho ved Mrs. Wallington's school i Nuneaton, og frå ho var tretten til seksten ved Miss Franklin's school i Coventry. Ved skulen til fru Wallington hadde ho evangelistiske Maria Lewis som lærar, som hennar eldste bevarte brev er sende til. Ved skulen til frøken Franklin møtte Evans derimot ei stille, disiplinert form for religion som stod i motsats til evangelismen.[3] Familien hennar tilhøyrde den anglikanske statskyrkja, men Midlands-området ho budde i var også prega av eit aukande tal religiøse dissentarar.

Då mor hennar døydde i 1836 reiste Mary Anne Evans heim og tok hand om familien. Ho heldt fram med å brevveksla med den tidlegare læraren Maria Lewes, og fekk opplæring i tysk og italiensk av ein omreisande lærar.[1] Då ho var 21, blei broren Isaac gift og tok over familieheimen. Mary og faren flytta til Foleshill, nær Coventry. Her blei dei mellom anna kjende med Charles og Cara Bray. Ekteparet Bray var progressive fritenkjarar som opna heimen sin Rosehill for radikale og taleføre folk som Robert Owen, Herbert Spencer, Harriet Martineau og Ralph Waldo Emerson. Evans, som hadde stridd med religiøs tvil i ei tid, blei introdusert for meir liberal teologi og for forfattar som David Strauss og Ludwig Feuerbach, som sådde tvil om den bokstavelege sanninga bak bibelsoga. Hennar første større litterære verk var ei engelsk omsetjing av Strauss si bok Das Leben Jesu (The Life of Jesus,1846), som ho fullførte etter at eit anna medlem av Rosehill-sirkelen delvis hadde gjort det. Seinare omsette ho Das Wesen des Christentums (The Essence of Christianity, 1854) av Feuerbach. På grunn av vennskapet deira gav Bray ut nokre av dei tidlegare skriften til Evans i avisa si Coventry Herald and Observer.[4]

Då Evans byrja stilla spørsmål ved den religiøse trua si og bestemte seg for å slutta å gå i kyrkja, truga faren med å kasta henne ut av huset. Etter fleire månade kom dei fram til eit kompromiss der ho fekk tenkja kva ho ville så lenge ho fortsette å gå til kyrkja som ei respektabel kvinne.[5] Ho heldt hus for faren fram til han døydde i 1849, då ho var 30. Ho fekk ei inntekt på 100 pund i året i arv.[5]

Fem dagar etter faren si gravferd fór ho til Sveits med Bray-paret. Ho bestemte seg for å bli att i Genève over vinteren. Medan ho budde der fann ho inspirasjon i bøker og frå fotturar på den sveitsiske landsbygda. Ho budde hjå familien til kunstnaren François Durade, som måla eit portrett av henne under opphaldet.[6]

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

I 1850 vende ho tilbake til England og busette seg i London etter eit opphald hjå ekteparet Bray.[5] Ho skreiv no namnet sitt Marian Evans. Frå januar 1851 budde ho hjå John Chapman, ein radikal forlagsmann som ho kjende frå Rosehill og som hadde gjeve ut Strauss-omsetjinga hennar. Chapman hadde nyleg kjøpt den venstreorienterte avisa The Westminster Review, som var grunnlagd av James Mill og Jeremy Bentham i 1824. I 1851 blei Evans assisterande redaktør i henne. Ho gjorde det meste av arbeidet rundt produksjonen av avisa, og skreiv frå januar 1852 til ho slutta i avisa i 1854 mange leiarar og meldingar. Medan kvinnelege forfattarar var ganske vanlege på denne tida, var det uvanleg for ei kvinne å ha redaktøransvar.

George Henry Lewes.

I 1851 blei Evans kjend med filosofen og kritikaren George Henry Lewes (1817–78), og i 1854 hadde dei bestemt seg for å bu saman. Lewes var allereie gift med Agnes Jervis, men ho hadde hatt eit forhold til Thornton Leigh Hunt over fleire år. Sidan han hadde akseptert det første barnet kona og Hunt fekk saman som sitt eige, kunne han ikkje få skilsmisse. Evans og Lewes rekna seg sjølv som eit gift par, men blei ikkje rekna slik i det viktorianske samfunnet rundt seg. Familien til Evans braut med henne, og ho hadde vanskar med å få innpass i det gode selskap. Men Lewes var ein viktig støttespelar som oppmuntra Evans i forfattarskapen.[5]

I 1854 drog Evans og Lewes til Weimar og Berlin saman. Her omsette Evan Etikken av Baruch Spinoza, medan Lewes skreiv på ein biografi om Goethe. Evans skreiv også fleire essay for The Westminster Review. Eit av dei siste av desse, Silly Novels by Lady Novelists frå 1856, kritiserte det tåpelege innhaldet og mangelen på realisme i mange verk av samtidige kvinnelege forfattarar, og er eit slags anti-program for hennar eigen forfattarskap.[7]

Under løyndenamnet George Eliot gav ho ut sitt første skjønnlitterære verk i 1857. The Sad Fortunes of the Reverend Amos Barton kom ut i Blackwood’s Magazine, og vart ein stor suksess. Saman med tre andre forteljingar, Mr. Gilfil’s Love-Story og Janet’s Repentance, kom det ut i bokfrom som Scenes of Clerical Life i 1858. Året etter gav ho ut sin første roman, Adam Bede.[5] Spekulasjonen kring kven som gøymde seg bak pseudonymet auka, og ein person hevda tilmed at det var han. Til slutt gav Evans seg til kjenne som den verkelege forfattaren, og sjokkerte store delar av samfunnet ved å vera ei fritenkjande kvinne i eit utanomekteskapeleg forhold.[1]

Dei neste verka hennar, The Mill on the Floss (1860) og Silas Marner (1861), hadde også handling frå den engelske landsbygda. Romola (1862-63) er derimot ein historisk roman frå Italia på 1400-talet, der Eliot etter grundig forsking vevar inn livet til reformatoren Girolamo Savonarola og endetida til Medici-familien sitt styre.[8]

George Eliot fotografert i 1865
George Eliot (1865), måla av Frederick William Burton.

Evans og Lewes hadde reist til Italia i 1860, der dei vitja dei best kjende byane og Evans fann inspirasjon for Romola. Dei vitja også dei tre sønene til Lewes, som var på kostskule i Sveits, og tok eldstesonen Charles med seg tilbake til England. No fann Evans at ho var meir godteken i det britiske samfunnet, og gjekk på konsertar, teateret og i middagsselskap.[1] Takka vera inntektene til Evans kunne paret flytta inn i eit større hus, The Priory ved Regent's Park i London. Dei fekk det dekorert av designeren Owen Jones, og heldt frå 1863 intellektuelle selskap vitja av til dømes Darwin, Huxley, Spencer, Henry James og Frederic Leighton. I 1877 blei Evans introdusert for prinsesse Louise, dotter av dronning Viktoria, som var særs glad i bøkene, og hadde fått Edward Henry Corbould til å måla to scener frå Adam Bede.[1]

I 1866, i samband med uroa knytt til det som blei loven Second Reform Act i 1867, gav Evans ut Felix Holt, the Radical med handling lagt til tida rundt den første Reform-loven i 1832. I desember same året vitja Evans og Lewes Granada og Alhambra i Spania, og Evans blei inspirert til å skriva om utvisinga av maurarane og sigøynarane frå Spania i det dramatiske diktet The Spanish Gypsy (1868). Desse verka hadde ikkje like stor suksess som dei føre, men i 1871–2 gav ho ut det som er blitt rekna som det største verket hennar, Middlemarch.[1] Romanen vever saman fleire forteljingstrådar i alle dei ulike samfunnsklassane i ein engelsk provinsby, frå bønder og arbeidarar til butikkfolk, profesjonelle, industrifolk, geistlege og rike landeigarar.[5] Den siste romanen hennar, Daniel Deronda, gjev ein kontrast mellom engelske aristokratar og fattige jødar i London. Evans var interessert i jødedommen og irritert over anitsemittismen ho møtte hjå mange landsmenn.[1] Det siste verket ho gav ut var Impressions of Theophrastus Such (1879), ein serie essay skrivne av ein oppdikta akademikar.

I 1878 døydde George Lewes etter at paret hadde saman i 24 år. Mary Anne Evans gjekk inn i djup sorg, og nekta å møta vener i fleire månader. Dei einaste ho orka å sjå var Charles Lewes, den einaste sonen til Lewes som framleis levde, og John Walter Cross, som hadde hjelpt paret med eigedomskjøp. På denne tida mista Cross mor si, og var som Evans gripen av sorg. Etter ein del nøling blei dei einige om å gifta seg to år seinare. Charles Lewes følgde henne til altaret. Ekteskapet skapte skandale, mellom anna fordi Evans var 21 år eldre enn Cross. Men bror hennar Isaac tok opp att kontakten, nøgd med at ho no var ei respektablet gift kvinne.[1]

Paret hadde bryllaupsreise til Italia. Her fall eller kasta John Cross, som leid av depresjon, seg frå ein balkong og landa i ein kanal. Etter at dei kom tilbake til England flytta dei inn i eit flott hus ved Themsen i Chelsea den 3. desember 1880. Men allereie den 22. desember døydde Mary Ann av nyresjukdom. 29. desember blei ho gravlagd på Highgate cemetery ved sidan av Lewes.[1]

Hundre år seinare, i 1980, blei det reist ein minnestein over henne i Poets' Corner i Westsminster Abbey.[1]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Romanar

  • Adam Bede, 1859
  • The Mill on the Floss, 1860
  • Silas Marner, 1861
  • Romola, 1863
  • Felix Holt, the Radical, 1866
  • Middlemarch, 1871–72
  • Daniel Deronda, 1876

Poesi

  • The Spanish Gypsy (dramadikt), 1868
  • Agatha, 1869
  • Brother and Sister, 1869
  • Armgart, 1871
  • Stradivarius, 1873
  • The Legend of Jubal, 1874
  • Arion, 1874
  • A Minor Prophet, 1874
  • A College Breakfast Party, 1879
  • The Death of Moses, 1879
  • From a London Drawing Room
  • Count That Day Lost
  • I Grant You Ample Leave

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 Rosemary Ashton (2008), «Evans, Marian [pseud. George Eliot]», Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press 
  2. Karl, Frederick R. George Eliot: Voice of a Century. Norton, 1995. s. 24–25
  3. Karl, Frederick R. George Eliot: Voice of a Century. Norton, 1995. s. 31
  4. McCormick, Kathleen (Summer 1986). «George Eliot's Earliest Prose: The Coventry "Herald" and the Coventry Fiction». Victorian Periodicals Review 19: 57–62. JSTOR 20082202. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 Gordon S. Haight (24. august 2017), «George Eliot», Encyclopædia Britannica (Encyclopædia Britannica, inc.) 
  6. Hardy BN. George Elliot: A Critic's Biography. Continuum. London 2006 s. 42-45.
  7. Silly Novels by Lady Novelists, The Westminster Review Vol. 66 old series, Vol. 10 new series (October 1856): 442–61, ved bl.uk.
  8. «Romola», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica, inc., 6. juni 2014 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Evans, Marian (2008): «George Eliot] (1819–1880)», Oxford Dictionary of National Biography], Oxford University Press
  • Henry, Nancy (2012): The Life of George Eliot: A Critical Biography, Wiley-Blackwell
  • Haight, Gordon S. (1968): George Eliot: A Biography, Oxford, Oxford University Press, ISBN 0-19-811666-7.
  • Haight, Gordon S., red. (1954): George Eliot: Letters, New Haven, Connecticut, Yale University Press, ISBN 0-300-01088-5.
  • Uglow, Jennifer (1987): George Eliot, London, Virago, ISBN 0-394-75359-3.
  • Jenkins, Lucien (1989): Collected Poems of George Eliot, London, Skoob Books Publishing, ISBN 1-871438-35-7
  • Wahba, Magdi (1981): Centenary Essays on George Eliot. Cairo, Egypt: Cairo Studies in English.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: George Eliot