Vilhelm I av Nederland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vilhelm I av Nederland
Willem I in kroningsmantel.jpg
Fødd24. august 1772
FødestadHaag
Død12. desember 1843
DødsstadBerlin
GravstadNieuwe Kerk
Gift medWilhelmine av Preussen, Henrietta d'Oultremont
DynastiHuset Oranien-Nassau
FarVilhelm V av Oranien
MorVilhelmina av Preussen
BornVilhelm II av Nederland, Fredrik av Nederland, Prinsesse Pauline av Orange-Nassau, Prinsesse Marianne av Nederland

Vilhelm I (opphavleg Willem Frederik Prins van Oranje-Nassau) (fødd 25. august 1772 i Haag, død 12. desember 1843 i Berlin) var konge av Nederland 1813-1840.

Han var son av Vilhelm V av Oranien og Vilhelmina av Preussen og gift med kusina Vilhelmine av Preussen (1774-1837).

Som ung budde han ei tid i eksil i Preussen under napoleonskrigane.

Han lét seg utrope til konge i 1813 og vart i 1815 òg tilkjent Belgia og Luxembourg.

Han ønskte å styrkja økonomien til landet, og vert rekna for ein dugeleg person når det gjaldt finanspolitikk. Men han gjorde òg fleire ting som ikkje vart sett pris på. Nederlandsk vart gjort til offisielt språk i heile landet, og han førte ein uforsonleg politikk overfor katolikkane.

I 1830 gjorde belgiarane opprør. Opprøret vart slått ned, men Frankrike støtta sidan saka til belgiarane. Til sist måtte Vilhelm bøye seg for kravet om sjølvstendet til Belgia.

Han abdiserte i 1840 og vart etterfølgd av sonen Vilhelm II. Han slo seg ned i Berlin saman med den andre kona si, Henrietta d'Oultremont. Der budde han til han døydde.

Barn[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]