Vinkeldrev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vinkelgir.
Vinkeldrev i drivakselen på eit køyretøy, ZF.

Vinkeldrev er to koniske tannhjul i inngrep med kvarandre, som overfører effekt mellom akslingar som ikkje er parallelle. Som oftast roterer dei to tannhjula rundt aksar som står normalt (90 °) på kvarandre, men andre vinklar kan òg nyttast. Vinkeldrev blir nytta for å overføra effekt mellom akslingar

Ofte er eit av hjula mykje mindre enn det andre, slik at dei to akslingane roterer med ulik fart. Det største hjulet blir da kalla kronhjul og det minste pinjong[1][2]. Typiske døme på bruk av vinkeldrev med nedgiring er i bakakselen på lastebilar, bakhulsdrivne personbilar, anleggsmaskiner, skogsmaskiner, osb., der det drivande hjulet er lite og det drivne er stort, slik at rotasjonsfarten går ned. Eit anna døme er hesteslåmaskiner, der farten vert auka gjennom giret for å få stor nok fart på knivstonga[3]. Vinkeldrev blir òg nytta i mange andre samanhengar, som vinkelsliparar, nokre handhaldne boremaskiner, girkassar, motorsyklar med kardang[4], på helikopter, osb.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. P. Gretland (red.), Bilmekanikeren - bilteknisk håndbok, bind II, 6. utg., Teknologisk forlag, 1974.
  2. H. Heisler, Advanced vehicle technology, 2. utg., Butterworth-Heinemann, 2002.
  3. N. Balle, Maskinbog for landmænd, Teknologisk institutts forlag, 1929.
  4. F.-M. Dumas, Unusual motorsycles, Haynes, 2012.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]