Vissarion Belinskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vissarion Belinskij
Vissarion Belinsky by K Gorbunov 1843.jpg
Verkeleg namn Виссарион Григорьевич Белинский
Fødd 30. mai 1811
Sveaborg
Død

26. mai 1848
St. Petersburg

Vissarion Belinskij på Commons

Vissarion Grigorjevitsj Belinskij (30. mai 181126. mai 1848) var ein russisk litteraturkritikar, skribent og filosof. Kunstsynet hans var prega av romantikken, han sokna til dei miljøa i Russland som arbeidde for ei vestleggjering av kulturen og samfunnet.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Belinskij vart fødd i Sveaborg, som då høyrde til det russiske storfyrstedømmet Finland. Han var son til ein lækjar i marinen. Frå 1829 studerte han ved Lomonosov-universitetet i Moskva, noko han kunne gjere då han fekk eit stipend. I 1832 vart han utvist frå universitetet etter han hadde skrive eit spelstykke som altfor tydeleg viste råskapen med liveigenskap.

Han byrja deretter si gjerning som skribent i tidsskriftet Teleskop. I 1836 forbaud tsaren tidsskriftet og redaksjonen vart stengt. Belinskij måtte finne seg i å verte ransaka, og var forvist frå hovudstaden. Eitt år seinare var Belinskij til behandling i Pjatigorsk for tuberkulose. I 1839 slo han seg ned i St. Petersburg, der han arbeidde for tidsskrifta Otestjestvennyja zapiskij (Fosterlendske minne) og Sovremennik.

Ved inngangen til 1840-åra var Belinskij truleg den fremste litteraturkritikaren i Russland. Særleg gav han framhjelp til poeten Nikolaj Nekrasov. Vidare var han ein av dei som la merke til den unge Ivan Turgenjev, og han omtala Fjodor Dostojevskij si debutbok i positive ordelag. År 1842 støtta han Nikolaj Gogol med å få trykt romanen Døde sjeler, eit verk som den keisarlege sensuren hadde forbode.

I 1843 gifta Belinskij seg med Maria Orlova og fekk tre born med henne. Han reiste i 1847 til Berlin og seinare Salzburg for å få behandla sjukdomen sin. Året etter døydde han etter langvarig sjukdom.

Fram til 1856 hadde russisk presse forbod om å nemnet namnet hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]