Vitim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vitim
elv
none
Land Flag of Russia.svg Russland
Kjelde Der Vitimkana og Tsjiny renn saman.
Munning Lena
Lengd 1 978 km km
Nedslagsfelt 225 000 km² km²
Vassføring
 - middel 1 520 m³/s /s
Wikimedia Commons: Vitim River

Vitim (russisk Витим) er ei av dei største elvane i Aust-Sibir i Russland og ei av sideelvane til Lena frå høgre. Ho oppstår der Vitimkan og Tsjiny renn saman.

Vitim renn først ned Iktaskogofjellet aust for Bajkalsjøen og går i ein stor boge rundt Vitmimskoje-platået og gjennom Transbajkalfjella. Ho har ei lengd på 1837 km, og inkludert Vitimkan er ho 1978 km lang. Elva renn først gjennom Burjatia og så langs grnesa mellom Burjatia og Tsjita oblast, før ho renn inn i Irkutsk oblast. Vitim kan nyttast til skipsfart frå Bodajbo og ned til Lena.

Av byar langs Vitim finn ein Bodajbo. I nedslagsfeltet til elva er det gjort funn av jadem gull og glimmer.

Av sideelvar finn ein Konda, Karenga, Kalakan, Kalar, Bodajbo frå høgre, og Tsipa, Muja, Mamakan og Mama frå venstre.

Baissa, ein kjend stad for fossile insekt, ligg på venstresida av Vitim.

Vitim-hendinga[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Vitim-hendinga.

25. september 2002 oppstod ei mystisk hending i nedslagsfeltet til Vitim, nær byen Bodajbo. Hendinga vart truleg årsaka av ein bolid eller ein komet og var særs llik Tunguska-hendinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]