Tunguskahendinga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tunguska-hendinga)

Tunguskahendinga var ein særs kraftig eksplosjon som fann stad nær elva Podkamennaja Tunguska i det som no er Krasnojarsk kraj i Russland, rundt 07:14.[1] (0:14 UTC, 7:02 lokal soltid[2]) den 30. juni 1908 (17. juni etter den julianske kalenderen, som var i bruk lokalt på den tid).[2]

Sjølv om årsaka til eksplosjonen er omdiskutert, så var han mest truleg årsaka av eit stort meteoroide- eller komet-fragment som eksploderte i ei høgd på 5–10 km over bakken. Forskjellige studium har gjeve forskjellige estimat på storleiken på objektet, men den alminnelege oppfatninga er at det var nokre titals meter i diameter.[3]

Sjølv om objektet eksploderte i lufta og ikkje trefte jordoverflata, så vert hendinga likevel rekna som eit nedslag. Estimat for sprengkrafta i eksplosjonen varierer frå 5 megatonn[4] til så mykje som 30 megatonn[5] TNT med 10–15 megatonn som det mest trulege[5] - noko som omtrent tilsvarar den amerikanske Castle Bravo-prøvesprengninga i februar 1954, rundt 1000 gonger kraftigare enn Hiroshima-bomba, og rundt ein tredjedel av krafta til Tsar-bomba, den største atombomba som nokon gong er detonert.[6] Ein eksplosjon av denne storleiken er i stand til å øydeleggje ein stor by.[7] Eksplosjonen velta om lag 80 millionar tre over eit område på 2150 km². Det er rekna ut at jordskjelvet frå eksplosjonen ville ha målt 5,0 på Richterskalaen.

Tunguskahendinga vert rekna som det største nedslaget på land i nyare historie,[8] sjølv om tilsvarande store nedslag i fjerne havområde ikkje ville vorte registrert før global satellittovervaking vart etablert på 1960- og 1970-talet.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Staden der Tunguskahendinga omtrent fann stad i Sibir.
Tunguskahendinga.

Rundt 07:17 lokal tid observerte innfødde evenkar og russiske nybyggjarar i fjellandskapet nordvest for Bajkalsjøen ei blåleg lysstripe, nesten like sterk som sola, som flytta seg over himmelen. Rundt 10 minutt seinare kom eit sterkt lysglimt og ein lyd som likna artillerield. Augevitne som var nærare eksplosjonen rapporterte at lydkjelda flytta seg frå aust mot nord. Lydane vart følgd av ei sjokkbølgje som slo folk overende og knuste vindauge hundrevis av kilometer unna. Dei fleste augevitna rapporterte berre lydane og ristingane, og ikkje sjølve eksplosjonen. Augevitneskildringane varierer òg med omsyn til rekkefølga og lengda av de forskjellige hendingane.

Eksplosjonen vart registrert ved seismiske stasjonar over heile Eurasia. Sjokkbølgja ville enkelte stader tilsvart eit jordskjelv på 5,0 på Richterskalaen (som ikkje vart utvikla før i 1935). Han lagde òg svingingar i lufttrykket som var kraftige nok til at det vart påvist i Storbritannia. I løpet av dei påfølgjande vekene var kveldshimmelen så sterkt opplyst at ein kunne lese i lyset frå han, på grunn av støvpartikler som vart spreidd i stratosfæren av eksplosjonen. I USA observerte både Smithsonian astrofysiske observatorium og Mount Wilson-observatoriet ein reduksjon i atmosfærisk sikt som varte i fleire månader, òg på grunn av svevande støv.

Utvalde augevitneskildringar[endre | endre wikiteksten]

«Rundt frukosttid sat eg ved huset mitt i handelsposten Vanavara (65 kilometer sør for eksplosjonen), vendt mot nord. [...] Med eitt såg eg at direkte mot nord, over Onkouls Tunguskavei, vart himmelen delt i to, og eld kom til syne høgt og vidt over skogen (som Semenov viste, rundt 50 grader opp - ekspedisjonens notat). Rifta på himmelen vart større, og heile nordsida var dekt av eld. I det vart eg såg varm at eg ikkje kunne tole det, det var som om skjorta mi hadde tatt fyr; frå nordsida, der elden var, kom sterk varme. Eg ville berre rive av meg skjorta og hive henne frå meg, men så klappa himmelen saman igjen, og det høyrdest eit sterkt drønn, og eg vart kasta eit par meter til side. Eg vart frå meg ein augneblikk, men så kom kona springande og tok meg inn i huset. Etter dette kom det sånn ein støy, som steinar som fall eller kanonar som skaut, jorda rista, og då eg var på bakken pressa eg hovudet ned av frykt for at det ville bli knust av steinar. Då himmelen opna seg, raste glovarme vindar mellom husa, som frå kanonar, og dei etterlét spor i bakken som stiar og og øydela nokre avlingar. Seinare såg vi at mange vindauge var knust, og i låven var ein del av jernlåsen rive over.»

  • Vitnemål frå Tsjutsjan av Sjanjagirstammen, nedskrive av I.M.Suslov i 1926.[10]

«Eg hadde ei hytte ved elva saman med bror min Tsjekaren. Vi låg og sov. Med eitt vakna vi begge. Noko dytta på oss. Vi høyrde sus og merka sterk vind. Tsjekaren sa «Høyrer du alle fuglane som fyk over oss?» Vi var begge i hytta, og kunne ikkje sjå kva som føregjekk utanfor. Plutseleg vart eg dytta att, denne gongen så hardt at eg fall inn i elden. Eg vart redd. Tsjekaren vart òg redd. Vi byrja å rope på far, mor, bror, men ingen svarte. Det var bråk utanfor hytta, og vi høyrde tre som fall. Tsjekaren og eg kom oss ut av soveposane og ville løpe ut, men så kom drønna. Dette var den første tora. Jorda byrja å røre på seg og steinar og vind trefte hytta vår og slo ho over ende. Eg vart pressa ned av stokkar, men hovudet mitt var fritt. Då såg eg eit under: trea fall, greinene tok fyr, det vart veldig lyst, korleis kan eg seie dette, som om det var ei anna sol, augo mine gjorde vondt og eg lukka dei derfor igjen. Det var som det russarane kallar lyn. Og straks etter var det eit anna toreslag. Dette var det andre tora. Det var ein solfylt morgon, det var ingen skyer, sola skein klårt som vanleg, og plutseleg kom det ei til!

Tsjekaren og eg hadde vanskar med å komme oss ut frå restane av hytta vår. Då såg vi at over oss, men på ein annan stad, var det eit lysglimt til, og det kom larmande tore. Dette var det tredje toreslaget. Vinden kom igjen og slo oss over ende, mot dei velta trea.

Vi så på dei falne trea, såg tretoppane bli brekt av, såg brannane. Plutseleg ropte Tsjekaren «Sjå opp» og peikte med handa. Eg såg i den retninga og såg enno eit lysglimt og det laga enno eit toreskrall. Men lyden var mindre enn før. Dette var det fjerde braket, som vanleg tore.

Eg hugsarr no at det var eit brak til, men det var lite og ein stad langt unna, der sola går ned.»

«Den 17. juni, rundt ni om morgonen, observerte vi eit uvanleg naturfenomen. I landsbyen Nordre Karelinskij (200 verst nord for Kirensk) såg bøndene mot nordvest, ganske høgt over horisonten, ein merkeleg skarpt lysande (umogeleg å sjå på) blåkvit himmellekam, som i ti minutt flytta seg nedover. Lekamen såg ut som eit «røyr», dvs. ein sylinder. Det var ein skyfri himmel, berre ei lita mørk sky vart sett i same retning som den lysande lekamen. Det var varmt og tørt. Etter kvart som lekamen nærma seg bakken (skogen) let det til å bli uskarpt, og vart så til ei gigantisk svulmande sky av svart røyk, og det vart høyrt eit høgt brak, som om store steinar fall, eller artilleri vart avfyrt. Alle bygningane rista. Samstundes byrja skya å gje frå seg flammer av uviss fasong. Alle i landsbyen vart slått av panikk og løp ut i gatene, kvinner skreik og trudde det var verdas ende. Forfattaren av desse linjene var i skogen rundt 6 verst nord for Kirensk, og høyrde mot nordaust ein lyd som av ein slags artillereld, som vart repetert kvart 15. minutt minst 10 gonger. I Kirensk rista nordaustvendte vindauge i enkelte bygningar .»

«Då meteoritten fall vart det observert sterke ristingar i bakken, og nær landsbyen Lovat i Kansk ujezd vart det høyrt to kraftige eksplosjonar, som frå grovkalibra artilleri.»

«Landsbyen Kezjemskoje. Den 17. vart det observert ei uvanleg atmosfærisk hending. Kl. 07:43 vart det høyrt ein lyd som av sterk vind. Like etterpå høyrdest eit frykteleg drønn, følgd av eit jordskjelv som bokstaveleg talt rista bygningane, som om dei vart trefte av ein stor tømmerstokk eller ein stor stein. Det første drønnet vart etterfølgd av eitt til, og så eit tredje. Deretter - i mellomrommet mellom det første og tredje drønnet, kom ei uvanleg underjordisk risting, som ein jernbane der dusinvis av tog passerer samtidig. Deretter vart det i fem til seks minutt høyrt noko nøyaktig som artillerield: 50 - 60 salvar i korte, like intervall, som gradvis vart svakare. Etter halvtanna til to minutt etter ein av «salvane» vart det høyrt ytterlegare seks drønn, som om ein kanon vart avfyrt, men kvar for seg, høgt, og i samband med ristingar. Himmelen såg først ut til å vere klår. Det var ingen vind og ingen skyer. Men ved nærare inspeksjon i nord, dvs. der dei fleste drønna kom frå, vart det nær horisonten observert ei slags oskeaktig sky, som etter kvart vart mindre og meir gjennomsiktig, og som truleg rundt 2-3 tida om ettermiddagen forsvann heilt.»

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det var lite vitskapeleg interesse rundt nedslaget då det hende, kanskje sidan Tunguska-området låg så isolert til. Om det var nokre tidlege ekspedisjonar til staden i det heile tatt så er nedteikningane truleg gått tapt i løpet av dei påfølgjande kaotiske åra i Russland med første verdskrig, den russiske revolusjonen og den russiske borgarkrigen.

Den første registrerte ekspedisjonen kom til åstaden meir enn ti år etter hendinga. I 1921 vitja den russiske mineralogen Leonid Kulik nedslagsfeltet til elva Podkamennaja Tunguska, som ein del av ei undersøking for Det sovjetiske vitskapsakademiet. På bakgrunn av lokale utreiingar trekte han slutninga at eksplosjonen kom av eit nedslag av ein gigantisk meteoritt. Han overtalte den sovjetiske regjeringa til å finansiere ein ekspedisjon til Tunguska-regionen, basert på eit prospekt om at jern frå meteoritten kunne bergast for den sovjetiske industrien.

Kulikekspedisjonen kom fram til staden i 1927. Han vart overraska då han ikkje fann eit krater. Dei fann i staden eit område med svidde tre, rundt 50 kilometer i diameter. Ved nullpunktet var det nokre tre som merkeleg nok framleis stod oppreist, men med greiner og bark rive av. Dei som var lengre unna var slått over ende i retning bort frå senteret.

Over dei neste tiåra var det ytterlegare tre ekspedisjonar til området. Kulik fann eit lite gryteforma myrhol som han trudde kunne vere krateret, men etter ei arbeidskrevande drenering av myra fann han gamle trestumpar på botn, noko som utelukka at det var eit krater. I 1938 ordna Kulik med ei luftfoto-undersøking av området,[14] som viste at hendingar hadde slått tre over ende i eit enormt sommerfuglforma mønster. Trass i dei omfattande øydeleggingane vart det ikkje funne noko krater.

Ekspedisjonar som vart sende til området på 1950- og 1960-talet fann mikroskopiske kuler av silikat og magnetitt i prøver av jordsmonnet. Ein meinte det kunne vere liknande kuler i dei velta trea, men dei kunne ikkje påvisast med metodane dei hadde den gongen. Seinare ekspedisjonar fann derimot slike kuler i sevja frå trea. Kjemisk analyse viste at kulene hadde høgt innhald av nikkel i høve til jern, noko som òg er tilfelle i meteorittar, og konklusjonen var at dei var av utanomjordisk opphav. Konsentrasjonen av kulene i forskjellige regionar av jordsmonnet vart òg funne å vere i samsvar med den forventa fordelinga frå ein luftsprengt meteoritt.[15] Seinare studium av kulene fann uvanlege fordelingar av fleire andre metall i forhold til omgjevnadene, noko som òg vart sett som bevis for eit utanomjordisk opphav.[16]

Kjemisk analyse av torvmyrer i området viste òg mange avvik som vart sett på som samsvarande med eit nedslag. Isotopsignaturane til stabile karbon-, hydrogen- og nitrogenisotopar i myrlaga frå 1908 vart funne å ikkje vere i samsvar med kva som vart målt i dei nærliggande laga over og under. Regionen der myrene med dei avvikande signatura låg inneheldt òg ei uvanleg stor mengd iridium, liknande iridiumlaget som er funne i K/T-grensa. Desse uvanlege mengdene meiner ein kjem av nedfall frå meteoritten som er vorte avsett i myrene. Nitrogenet meiner ein har vorte avsett som sur nedbør, eit forventa nedfall frå eksplosjonen.[16][17][18]

Tunguska-objektet[endre | endre wikiteksten]

Luftsprengt meteoroide[endre | endre wikiteksten]

Hos forskarane er den leiande forklaringa på eksplosjonen ei luftsprenging av ein meteoroide 6–10 kilometer over jordoverflata.

Meteoroidar kjem inn i jordatmosfæren frå verdsrommet kvar einaste dag, vanlegvis med ein snøggleik på meir enn 10 kilometer per sekund. Dei fleste er små, men frå tid til annan kjem det ein større. Varmen som vert skapt av luftkompresjonen føre meteoroiden når han fer gjennom atmosfæren er kolossal, og dei fleste brenn opp eller eksploderer før dei når bakken. Frå andre halvdel av 1900-talet har nøye overvaking av jordatmosfæren ført til oppdaginga av at slike meteoroideluftsprengingar finn stad ganske ofte. Ein stein-meteoroide på rundt 10 meter i diameter kan lage ein eksplosjon på rundt 20 kilotonn, som tilsvarer Fat Man-bomba som vart slept over Nagasaki, og data frå U.S. Air Force indikerer at slike eksplosjoner finn stad i den øvre atmosfæren meir enn ein gong kvart år. Tunguska-liknande hendingar i megatonn-klassa er mykje sjeldnare. Eugene Shoemaker estimerte at slike hendingar finn stad ein gong kvart 300. år.

Eksplosjonsmønster[endre | endre wikiteksten]

Verknaden til eksplosjonen på tre nær nullpunktet vart gjenskapt under kjernefysiske prøvesprengningar i atmosfæren på 1950- og 1960-talet. Verknaden kjem av sjokkbølgja som følgjer store eksplosjonar. Tre direkte under eksplosjonen får kvister og bark flengt av sidan sjokkbølgja flyttar seg vertikalt nedover, medan tre lengre unna vert slått over ende fordi sjokkbølgja er meir horisontal når ho treffer dei.

Sovjetiske eksperiment som vart utført på midten av 1960-talet, med modellskogar (laga av fyrstikker) og små eksplosive ladningar som vart ført fram på kablar, lagde sommerfuglforma eksplosjonsmønster som var særs lik mønsteret som vart funnet i Tunguska. Eksperimenta tyda på at objektet hadde kome inn i ein vinkel på 30 grader i forhold til bakken og 115 grader frå nord og hadde eksplodert i lufta.[treng kjelde]

Asteroide eller komet?[endre | endre wikiteksten]

Samansetninga av Tunguska-meteroritten er framleis omdiskutert. I 1930 foreslo den britiske astronomen F.J.W. Whipple at himmellekamen som trefte Tunguska var ein liten komet. Ein komet-meteoritt, som hovudsakleg består av is og støv, kunne ha vorte fullstendig fordampa av samanstøyten med jordatmosfæren, utan å etterlate seg noko spor. Komethypotesen vart òg støtta av den glødande himmelen (eller «himmelglød» og «opplyste netter») som vart observert over heile Europa i dagesvis etter samanstøyten, som kanskje kan forklarast med støv og is som hadde vorte spreidd frå komethalen over den øvre atmosfæren.[5] Komethypotesen oppnådde innan 1960-talet generell aksept hos sovjetiske Tunguska-forskarar.[5]

I 1978 føreslo den slovakiske astronomen Ľubor Kresák at objektet var ein fragment av den kortperiodiske kometen Encke, som er skuld i meteorsvermen Beta Tauridane. Tunguska-hendinga skjedde samstundes med ein topp i denne svermen,[19] og den omtrentlege bana til Tunguska-meteoritten er konsistent med kva som ville vore forventa frå eit slikt fragment.[5] Det er no kjent at himmellekamar av denne typen eksploderer med hyppige intervall frå titalls til hundrevis av kilometer over bakken. Militære satellittar har observert desse eksplosjonane i mange tiår.[20]

I 1983 publiserte astronomen Zdeněk Sekanina ein artikkel som kritiserte komethypotesen. Han påpeikte at ein himmellekam som består av kometmateriale, og som går gjennom atmosfæren langs ein så låg bane skulle ha gått i oppløysing, medan Tunguska-lekamen openbert var intakt ned i den lågare atmosfæren. Sekanina argumenterte at bevismaterialet peikte mot ein tett, steinaktig lekam, truleg ein asteroide. Denne hypotesen vart vidare styrkt i 2001, då Farinella, Foschini, et al. gav ut ein studie som meinte at lekamen hadde kome frå retning av asteroidebeltet.

Forkjemparane for komethypotesen har føreslått at lekamen var ein utdøydd komet med ei steinete kjerne som let han trenge inn i atmosfæren.

Det viktigaste problemet med asteroidehypotesen er at ein steinete lekam burde ha laga eit stort krater der det trefte bakken, men det vart ikkje funne krater. Det har vorte lagt fram ein hypotese om at passasjen til asteroiden gjennom atmosfæren gjorde at trykk og temperaturer bygde seg opp til eit punkt der asteroiden med eitt løyste seg opp i ein enorm eksplosjon. Øydelegginga ville måtte ha vore så fullstendig at ingen større restar var igjen, og materialet som vart spreidd i den øvre atmosfæren under eksplosjonen ville ha forårsaka glødande himmel. Modellar som vart publiserte i 1993 føreslo at steinlekamen ville vore rundt 60 meter i diameter, med fysiske eigenskapar ein stad mellom ein ordinær kondritt og ein karbonhaldig kondritt.

Christopher Chyba og andre har foreslått ein prosess der ein steinmeteoritt kunne ha framstått på same vis som Tunguska-meteoritten. Modellane deira syner at når kreftene som verkar på ein himmellekam i nedstigning vert større enn kreftene som held han saman, så vert lekamen sprengt i stykke, og nesten all energien vert frigjeve på ein gong. Resultatet er at det ikkje vert krater, og øydeleggingane vert spreidd over eit relativt stort område, der alle skadeverknadane er frå trykk og varme.

I løpet av 1990-talet henta italienske forskarar ut kvae frå kjernen av tre i nedslagsområdet, for å undersøke fanga partiklar som var til stades under hendinga i 1908. Dei fann høge verdiar av materiale som vanlegvis finst i steinasteroidar, men som sjeldan vert funne i kometar.[21][22]

Tsjekosjøen[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Tsjeko.

I juni 2007 vart det gjort kjent at forskarar frå Universitetet i Bologna hadde identifisert ein innsjø i Tunguska-regionen som eit mogeleg nedslagskrater frå hendinga. Teorien går ikkje mot at Tunguska-lekamen eksploderte i lufta, men meiner at eit meterstort fragment overlevde eksplosjonen og trefte bakken. Tsjeko er ein liten skålforma innsjø rundt 8 kilometer nord-nordvest for hyposenteret.[23] Andre spesialistar på nedslagskrater har tvilt på hypotesen.[24] Ei undersøking i 1961 hadde avvist at Tsjeko kunne vere ein ny innsjø då det viset seg at han hadde eit metertjukt lag av avleiringar på botn, noko som indikerer ein alder på minst 5000 år,[15] men nyare forsking har vist at berre ein meter med sediment på innsjøbotn kan oppstå med «normal innsjøsedimentering» i løpet av 100 år.[25] Akustiske ekkoundersøkingar av botn på innsjøen viser at han har ei konisk form som samsvarar med eit nedslagskrater. Dessutan peikar lengdeaksen til innsjøen mot episenteret til Tunguska-eksplosjonen, rundt 7 km unna.[26] Magnetiske målingar indikerer òg ein mogeleg meterstor steinblokk på botn av det djupaste punktet i innsjøen, som kan vere ein bit av kollisjonslekamen.[26] Forskarar ved Universitetet i Bologna skulle utforske lekamen, ti meter under innsjøbotn, i 2009.[27]

Gareth Collins og Phil Bland frå Imperial College i London viser derimot til at fleire av trea rundt innsjøen er eldre enn 100 år og at det tyder på at innsjøen derfor ikkje kan ha vorte danna av eit nedslag i 1908.[27]

Spekulative hypotesar[endre | endre wikiteksten]

Den vitskaplege forståinga av korleis meteorittar oppførte seg i jordatmosfæren var ikkje så utbreidd dei første tiåra av 1900-talet. På grunn av denne mangelen på kunnskap, så vel som av mangelen på vitskaplege data som følgje av sovjetisk hemmeleghald under den kalde krigen, har det dukka opp særs mange andre hypotesar rundt Tunguska-eksplosjonen. Ingen av desse hypotesane er derimot akseptert av det vitskapelege samfunnet.

Verdas ende?[endre | endre wikiteksten]

«Den kanskje aller tidlegaste, alminneleg utbreidde, teorien om Tunguska-eksplosjonen var at verda var i ferd med å gå under. Men etter kvart som minutta gjekk vart denne teorien droppa til fordel for andre, mindre endelege teoriar»[28]

I følgje G. K. Kulesj, leiar for Kirensk Meteorologiske Stasjon:[29] «Bøndene i landsbyen Korelina var så lamslåtte av hendingane at dei sende ei samling til byen til den lokale øvstepresten for å spørre om verdas ende var i gang, [og] korleis dei førebudde seg på han i Kirensk.»

Naturleg hydrogenbombe[endre | endre wikiteksten]

I 1989 foreslo D'Alessio og Harms at noko av deuteriumet i ein komet som kom inn i jordatmosfæren kunne ha gjennomgått ein kjernefysisk fusjon,[30] og etterlaten ein distinkt signatur i form av karbon-14. Dei konkluderte derimot med at kvar frigjering av kjernefysisk energi ville ha vore praktisk talt neglisjerbar. Sjølvstendig av dette føreslo César Sirvent i 1990 at ein deuteriumkomet, dvs. ein komet med ein unormalt høg konsentrasjon av deuterium, kunne ha eksplodert som ei naturleg hydrogenbombe, og gjennom dette utvikla mesteparten av den frigjorte energien. Rekkefølga ville ha vore først ein mekanisk eller kinetisk eksplosjon, som så ville ha utløyst ein kjernefysisk reaksjon. Men desse hypotesane er ikkje i samsvar med det ein veit om samansetninga til kometar og om temperaturane og trykkforholda som må til for å sette i gang ein kjernefysisk fusjon.[31] Studiar har òg vist at konsentrasjonen av radioaktive isotopar i området ved Tunguska-eksplosjonen ikkje samsvarar med det ein kan forvente etter en kjernefysisk eksplosjon, verken fusjon eller fisjon.[16]

Svart hol[endre | endre wikiteksten]

I 1973 føreslo Albert A. Jackson og Michael P. Ryan, fysikarar ved University of Texas, at Tunguska-hendingar kunne ha vore årsaka av eit «lite» (rundt 1020 g til 1022 g) svart hol som passerte gjennom Jorda.[32] Denne hypotesen sviktar derimot ved at det ikkje var nokon såkalla «utgangshending» — ein eksplosjon nummer to som ville ha oppstått når det svarte holet, etter å ha bora seg gjennom Jorda, skaut ut på den andre sida på veg tilbake til verdsrommet. Dette skulle i så fall ha skjedd i Sørishavet, rundt 10 grader vest for Drakesundet. Det vart heller ikkje registert seismisk aktivitet av typen ein ville ha langs det svarte holet sin bane gjennom mantelen.

Antimaterie[endre | endre wikiteksten]

I 1965 føreslo Cowan, Atluri og Libby at Tunguska-eksplosjonen kunne ha kom av ein bit antimaterie som fall ned frå verdsrommet og vart øydelagd.[33] Dette forklarar derimot ikkje, som dei andre hypotesane nemnd i denne bolken, mineralrestane som er funnet i eksplosjonsområdet. Dessutan finst det ikkje belegg i astronomiske observasjoner for at slike antimateriebitar eksisterer i vår region av universet. Viss slike lekamar hadde funnest ville dei heile tida produsere kraftige gammastrålar på grunn av øydelegginga mot interstellar materie, men slike gammastrålar har ikkje vorte observert.

UFO-styrt[endre | endre wikiteksten]

Forskjellige UFO-entusiastar har hevda at Tunguska-hendinga var resultatet av eit eksploderende framand romskip, eller til og med eit våpen frå eit slikt romskip, detonert for «å berge Jorda frå ein overhengande fare». Desse påstandane ser ut til å ha opphav i ei science fiction-historie av den sovjetiske ingeniøren Aleksander Kazantsev frå 1946, der eit atomdrive romskip frå Mars, på jakt etter ferskvatn frå Bajkalsjøen, eksploderte i atmosfæren. Denne historia fekk Kazantsev inspirasjon til ved besøket sitt til Hiroshima i slutten av 1945.

Dei som støttar UFO-hypotesen har aldri vore i stand til å legge fram noko signifikant bevismateriale for påstandane sine. Tunguska ligg i banen for utskytingar frå Bajkonur kosmodrom og delar frå russiske romfartøye har fleire gonger falle ned i området. Det mest kjende tilfellet av dette er den mislukka femte prøveutskytinga av Vostok den 22. desember 1960. Nyttelasta landa nær nullpunktet for Tunguska-eksplosjonen, og eit ingeniørteam vart sendt dit for å berge kapselen og dei to sovjetiske romhundane (som overlevde).[treng kjelde]

Geofysiske hypotesar[endre | endre wikiteksten]

Astrofysikaren Wolfgang Kundt har føreslått at Tunguska-hendinga kom av eit plutseleg utslepp og påfølgjande eksplosjon av 10 millionar tonn naturgass frå jordskorpa.[34][35] Den liknande Verneskot-hypotesen har òg vorte føreslått som ei mogeleg forklarig på eksplosjonen i Tunguska.[36]

Liknande hendingar[endre | endre wikiteksten]

Tunguska-eksplosjonen er den kraftigaste, men ikkje den einaste, store meteoritt-lufteksplosjonen i nyare historie. I tabellen under er det lista opp eit utval av liknande hendingar. Lista er ufullstendig, sidan utrekning av meteorittane si sprengkraft er av relativt ny dato:

Dato Stad Sprengkraft Eksplosjonshøgda Merknadar
30. juni 1908 60 kilometer vestnordvest for Vanavara, på 60°53'09"N, 101°53'40"E (Kundt, 2003) i Krasnojarsk kraj, Russland 10–15 Mt 8,5 km Tunguska-eksplosjonen
13. august 1930 Ved Curuçá-elva, Amazonas, Brasil 0,1-1,0 Mt
31. mai 1965 Søraust-Canada 600 t 13 km 1 g materiale frå meteoritten vart funne
17. september 1966 Lake Huron, Michigan, USA 600 t 13 km Ingen spor vart funne
5. februar 1967 Vilna, Alberta, Canada 600 t 13 km To særs små fragment funne - 48 mg og 94 mg.

Lagra ved University of Alberta i Edmonton. [37]

22. september 1979 Det sørlege Indiahavet 2 kt Vela-episoden
19. januar 1993 Lugo, Nord-Italia > 10 kt
18. januar 1994 Cando, Spania
6. juni 2002 Middelhavet mellom Libya og Hellas 26 kt
25. september 2002 Bodajbo, Irkutsk oblast, Russland 0,5 – 5 kt Vitim-hendinga

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. P. Farinella, L. Foschini, Ch. Froeschlé, R. Gonczi, T. J. Jopek, G. Longo, P. Michel Probable asteroidal origin of the Tunguska Cosmic Body
  2. 2,0 2,1 Trayner, C. Perplexities of the Tunguska meteorite
  3. Lyne, J.E., Tauber, M. The Tunguska Event Arkivert 2020-02-20 ved Wayback Machine.
  4. «Sandia supercomputers offer new explanation of Tunguska disaster». Sandia National Laboratories. 17. desember. Henta 16. august 2008. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 Eugene Shoemaker (1983). «Asteroid and Comet Bombardment of the Earth». Annual Review of Earth and Planetary Sciences (US Geological Survey, Flagstaff, Arizona: Annual Review of Earth and Planetary Sciences) 11: 461. doi:10.1146/annurev.ea.11.050183.002333. 
  6. Verma (2005), p1.
  7. Giuseppe Longo (2007). «18». The Tunguska event - Comet/Asteroid Impacts and Human Society, An Interdisciplinary Approach (PDF). Berlin Heidelberg New York: Springer-Verlag. s. 303–330. ISBN 3-540-32709-6. 
  8. APOD: 2007 November 14 - Tunguska: The Largest Recent Impact Event
  9. N. V. Vasilijev, A. F. Kovalevskij, S. A. Razin, L. E. Epiktetova (1981). Eyewitness accounts of Tunguska (Crash)., Section 6, Item 4
  10. Vasiliev, Section 5
  11. Vasiliev, Section 1, Item 2
  12. Vasilijev, Section 1, Item 3
  13. Vasilijev, Section 1, Item 5
  14. Longo G. «The 1938 aerophotosurvey». Henta 16. august 2008. 
  15. 15,0 15,1 K.P. Florenskij (1963). «Preliminary results from the 1961 combined Tunguska meteorite expedition». Meteoritica 13. Henta 16. august 2008. 
  16. 16,0 16,1 16,2 Kolesnikov et al. Finding of probable Tunguska Cosmic Body material: isotopic anomalies of carbon and hydrogen in peat, Planetary and Space Science, Volume 47, Issues 6-7, June 1, 1999, Pages 905-916
  17. Hou et al. Discovery of iridium and other element anomalies near the 1908 Tunguska explosion site, Planetary and Space Science, Bind 46, nummer 2-3, Februar-mars 1998, side 179-188
  18. Kolesnikov et al. Isotopic anomaly in peat nitrogen is a probable trace of acid rains caused by 1908 Tunguska bolide, Planetary and Space Science, bind 46, nummer 2-3, februar-mars 1998, side 163-167
  19. «The Tunguska object - A fragment of Comet Encke». Astronomical Institutes of Czechoslovakia. Henta 16. august 2008. 
  20. I.V. Nemttsjinov, C. Jacobs og E. Tagliaferri (1997). «Analysis of Satellite Observations of Large Meteoroid Impacts». Annals of the New York Academy of Sciences 822: 303–317. 
  21. Longo G.; Serra R.; Cecchini S.; Galli M. (1994). «Search for microremnants of the Tunguska Cosmic Body». Planetary and Space Science (Storbritannia: Elsevier Science Ltd) 42 (2): 163–177. Henta 16. august 2008. 
  22. Serra R.; Cecchini S.; Galli M; Longo G. (1994). «Experimental hints on the fragmentation of the Tunguska cosmic body». Planetary and Space Science (UK: Elsevier Science Ltd) 42 (9): 777–783. Henta 16. august 2008. 
  23. «A possible impact crater for the 1908 Tunguska Event Arkivert 2018-12-15 ved Wayback Machine.», Fysikkavdelingen, Universitetet i Bologna
  24. Rincon Paul (2007) «Team makes Tunguska crater claim», BBC (2007-06-27)
  25. L. Gasperini (april 2008). «Reply - Lake Cheko and the Tunguska Event: impact or non-impact?». Terra Nova 20 (2): 169–172. doi:10.1111/j.1365-3121.2008.00792.x. Henta 16. august 2008. 
  26. 26,0 26,1 L. Gasperini (juni 2008). «The Tunguska Mystery». Scientific American: 80–86. Henta 16. august 2008. 
  27. 27,0 27,1 Paul Rincon. «Fire in the sky: Tunguska at 100». BBC News. Henta 16. august 2008. 
  28. K. Zahnle, Nature 383, 674-75 (1996)
  29. Sitert i N. V. Vasiljev et al., Pokazaniya Ochevidtsev Tungusskogo Padeniya (Testimony of Eyewitnesses to the Tunguska Impact), VINITI (1981), tilgjengeleg online på http://olkhov.narod.ru/tungwitn1.htm eller på http://tunguska.tsc.ru/ru/science/1/0. Dokumentet er på russisk, men ei engelsk omsetjing av heile Kulesj-rapporten finst på http://www.vurdalak.com/tunguska/witness/kulesh_gk.htm.
  30. The nuclear and aerial dynamics of the Tunguska Event
  31. Universiteit Leiden - "Making a comet nucleus" - By Greenberg, J.M. 1998
  32. «Was the Tungus Event due to a Black Hole?» Nature, vol. 245, 14. september 1973, s. 88-89.
  33. Cowan, C., Atluri, C. R. & Libby, Possible Anti-Matter Content of the Tunguska Meteor of 1908. Nature 206, 861 - 865 (29. mai 1965); doi:10.1038/206861a0
  34. Choi, Charles Q., Massive Tunguska Blast Still Unsolved 100 Years Later, Fox News, 1. juli 2008
  35. 100 years on, mystery shrouds massive 'cosmic impact' in Russland, Agence France-Presse, 28. juni 2008
  36. Morgan et al, «Contemporaneous mass extinctions, continental flood basalts, and ‘impact signals’: are mantle plume-induced lithospheric gas explosions the causal link?», Earth and Planetary Science Letters 217, 15. januar 2004
  37. Vilna, arkivert frå originalen 15. februar 2005, henta 16. august 2008 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 60°55′N 101°57′E