Vladimir Kiseljov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vladimir Kiseljov
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 1. januar 1957
Krementsjuk
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Vladimir Viktorovitsj Kiseljov (fødd 1. januar 1957) er ein ukrainsk tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Myski i dåverande Kemerovo oblast i Russland, Han vart olympisk meister i kulestøyt under Sommar-OL 1980 i Moskva der han representerte Sovjetunionen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kiseljov voks opp i Krementsjuk i Ukraina. I mars 1979 vart han med sine 20,01 meter tredjemann i innandørs-EM, bakom finnen Reijo Ståhlberg (20,47 m) og briten Geoff Capes (20,23 m). Året etter tok Kislejov leiinga i OL-finalen i kulestøyt med eit støyt på 21,10 m. I den sjette og siste finaleomgangen auka han til 21,35 og ny olympisk rekord. Dermed vann han gullmedaljen med god margin til landsmannen Aleksandr Barysjnikov som fekk 21,08 m i teljande resultat, og verdsrekordhaldaren Udo Beyer frå Aust-Tyskland, målt til 21,06 m.

Ved EM i friidrett 1982 vart Kiseljov sjuandemann i kuletevlinga etter kula landa på 20,40 m. Same året vart han sovjetmeister i kulestøyt, ein prestasjon han gjentok i 1984. Kiseljov deltok ikkje i Sommar-OL 1984, ettersom Sovjetunionen boikotta leikane i Los Angeles. I staden sette han livsrekord med 21,58 meter under eit stemne i Moskva den 17. august, eit støyt lengre enn det den olympiske meisteren presterte i Los Angeles seks dagar i førevegen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]