Aleksandr Barysjnikov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksandr Barysjnikov
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 11. november 1948 (75 år)
Tsjlja
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1980, Sommar-OL 1976

Utmerkingar

Ærestegnets orden

Aleksandr Georgijevitsj Barysjnikov (fødd 11. november 1948) er ein sovjet-russisk tidlegare kulestøytar frå Khabarovsk kraj som representerte Sovjetunionen. Han vann bronsemedaljen i øvinga både under OL 1976 i Montreal, EM 1978 i Praha og sølvmedaljen i OL 1980 i Moskva.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Barysjnikov melde seg på i verdstoppen i 1972-sesongen med eit bestestøyt på 20,54 m, men mislukkast heilt ved Sommar-OL i München. Den 25. august 1974 i Moskva overraska han stort då han forbetra seg med over ein meter og sette europarekord med eit støyt på 21,70 meter, også årsbeste i verda. Prestasjonen vart ein framskuv for rotasjonsteknikken, ein teknikk nokre få kulestøytarar hadde byrja utprøve i dei fyrste 1970-åra. Under europameisterskapen i Praha like etter måtte han nøye seg med 20,13 m og fjerdeplass.

I dei olympiske sommarleikane 1976 vart Barysjnikov tredjemann med 21,05 m som best, 2 cm bak sølvmedaljøren Jevgenij Mironov og 5 cm kortare enn gullvinnar Udo Beyer frå Aust-Tyskland. To år seinare fekk Barysjnikov ein ny bronse ved Praha, også då med Beyer og Mironov som sine overmenn. Under Sommar-OL 1980 i Moskva støytte Barysnjnikov 21,08 m og kneip sølvmedaljen framom Beyer, dei begge kunne lite gjere med Vladimir Kiseljov som støytte kula 21,35 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]