Vladimir Voronin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For den russiske og sovjetiske kapteinen, sjå Vladimir Ivanovitsj Voronin.
Vladimir Voronin
Vladimir Voronin 2006.jpg
Fødd25. mai 1941 (82 år)
Corjova
Statsborgar avSovjetunionen, Moldova, Russland
PartiRepublikken Moldovas kommunistparti, Sovjetunionens kommunistiske parti
Yrkesamfunnsøkonom, politikar
Utdanna vedAcademy of Social Sciences of the Central Committee of CPSU
Det russiske akademi for statstjeneste
BarnOleg Voronin
VervPresident i Moldova 2001-2009
FøregangarPetru Lucinschi
EtterfylgjarMihai Ghimpu
(fungerande)

Vladimir Nicolae Voronin (fødd 25. mai 1941) er ein moldovsk politikar og var president i Moldova frå 7. april 2001 til 11. september 2009. Han var fødd i landsbyen Corjova i Transnistria-regionen.

Voronin leiar Partidul Comuniştilor din Republica Moldova (Republikken Moldovas kommunistparti). Han vart vald til president av parlamentet 7. april 2001. I mars 2005, etter at kommunistpartiet hadde fått 46,0 % av røystene i parlamentsvalet, vart han gjenvald som president av parlamentet. Parlamentsvalet i 2009 førte til ein usikker politisk situasjon i landet, då verken kommunistpartiet eller opposisjonen fekk nok stemmer til å få vald kandidaten sin som president. Dette førte mellom anna til demonstrasjonar og opptøyar i hovudstaden. Voronin gjekk av 11. september 2009 i påvente av nye val.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.