Voivodskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit voivodskap (polsk województwo, rumensk voivodat, serbisk vojvodstvo eller vojvodina, tsjekkisk vévodství) er eit område som er styrt av ein voivod i fleire land i Sentral- og Sør-Europa. Voivodskap har vorte skapa sidan mellomalderen i territoria som no omfattar Polen, Romania, Ukraina, Litauen, Kviterussland, Ungarn og Moldova. I slavisk språkbruk svarer titelen av voivod til det germanske omgrepet hertug og kan gjerne omsetjast som 'hærleiar' i historiske kontekstar.

I moderne samanhengar viser ordet voivodskap til ei administrativ eining i Polen. Landet er no delt opp i 16 voivodskap som representerer det høgaste sjølvstyrenivået.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]