Vondskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit av fem japanske måleri av 'Utryddinga av det vonde' viser Sendan Kendatsuba, ein vernar av buddhistisk lov, som overvinn vondskap.

Vondskap er eit abstrakt omgrep som kan visa til noko pinefullt og plagsamt eller det å ønska å gjera andre vondt.[1] Det kan også definerast som den ytterste rekkjevidden av å gjera gale[2] eller å mangla moral.[3] Det finst mange definisjonar av vondskap, såvel som analysar av motiva for det.[4] Element som ofte blir sett i samanheng med vondskap er likevel ubalansert oppførsel som omfattar formålstenlegheit, egoisme, ukunne og neglisjering.[5]

I visse kulturar, særleg dei påverka av abrahamittiske religionar, blir vondskap gjerne sett på som ein dualistisk antagonistisk motsetnad til godskap, der det gode skal sigra over det vonde.[6] Vonde hendingar er gjerne følgjer av synd eller å vanvyrde Gud.[7] Det vonde kan personleggjerast med ein skikkelse som Djevelen, Satan, Iblis og så bortetter.[2]

I dharma-religionar er det gjerne slik at ein kan fri seg frå både det gode og det vonde gjennom å oppnå eining med verdsaltet. I kulturar påverka av buddhismen er både det gode og det vonde sett på som motsetningar som ein må fri seg frå gjennom å oppnå sunyata, tomheit frå dei.[6] I hinduismen er ikkje vondskap rekna som eit eige metafysisk prinsipp, men som noko som finst i lag med livet i verda, både i høve til menneske og tidsepokar (yuga). Liding og kosmisk uorden (adharma, mangelen på dharma) går ofte att i kampen mellom gudar (devaer) og demonar (asurarer).[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Vondskap» i Nynorskordboka
  2. 2,0 2,1 Bowker, John (2000), «Evil», The Concise Oxford Dictionary of World Religions, Oxford University Press,, http://www.oxfordreference.com/view/10.1093/acref/9780192800947.001.0001/acref-9780192800947-e-2329 
  3. «Evil». Oxford University Press. 2012. http://oxforddictionaries.com/definition/english/evil. 
  4. Ervin Staub. Overcoming evil: genocide, violent conflict, and terrorism. New York, NY, USA: Oxford University Press, Pp. 32.
  5. Caitlin Matthews, John Matthews. Walkers Between the Worlds: The Western Mysteries from Shaman to Magus. Inner Traditions / Bear & Co, Jan 14, 2004. P. 173.
  6. 6,0 6,1 Paul O. Ingram, Frederick John Streng. Buddhist-Christian Dialogue: Mutual Renewal and Transformation. University of Hawaii Press, 1986. P. 148-149.
  7. Browning, W.R.F. (2009), A Dictionary of the Bible, Oxford University Press, http://www.oxfordreference.com/view/10.1093/acref/9780199543984.001.0001/acref-9780199543984-e-642 
  8. Johnson, W. J. (2009), A Dictionary of Hinduism, Oxford University Press,, http://www.oxfordreference.com/view/10.1093/acref/9780198610250.001.0001/acref-9780198610250-e-854