Vrýkhon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Vrýkhon (gresk Βρύχων, moderne form Βρύχωνας Vrýkhonas) er eller var namnet på to små elvar i Hellas. Ei av dei renn frå fjellet Pílio i Magnisía i Thessalía og ut i Pagastikósbukta. Ho har hatt dette namnet sidan antikken og ei bru over elva vert rekna som den eldste brua i Hellas av armert betong, konstruert for ei jernbanelinje i 1885.

Den andre elva skal ha vore på Sithoníahalvøya i Khalkidikí, nær Pallene.

I følgje antikk mytologi var elveguden med same namn ein alliert av gigantane i krigen deira mot gudane, som i følgje enkelte kjelder fann stad ved Pallene.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Brychon frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • Bygginga av Vrýkhonasbrua
  • Heraklides, Descriptio Graeciae, fragm. 2, sect. 7.
  • Hesykhios av Alexandria, Lexicon
  • Lykofron, Alexandra, l. 1405-08.