Magnisía
| Periferieininga Magnisía Περιφερειακή ενότητα Μαγνησίας | |
|---|---|
| Periferi | Thessalía |
| Hovudstad | Vólos |
| Folketal | 177 448 (2021[1]) |
| Areal | 2 351 km² |
| Folketettleik | 75/km² |
| Kommunar | 5 |
| Postnummer | 37x xx - 38x xx |
| Retningsnummer | 242x0 |
| Bilnummer | BO |
| Heimeside | www.magnesia.gr |
Periferieininga Magnisía (gresk Περιφερειακή ενότητα Μαγνησίας, Periferiakí enótita Magnisías) er ei periferieining i Hellas i periferien Thessalía.[2] Hovudstaden i periferieininga er Vólos. Prefekturet Magnisía vart oppretta i 1947 ut av Lárisa prefektur. Om lag 70 % av innbyggjarane bur i storbyområdet rundt Vólos, som er den nest største byen i Thessalía og den tredje travlaste hamnebyen i Hellas.
Tidlegare inkluderte prefekturet Magnisía øyane Skiáthos, Skópelos og Alónnisos i Dei nordlege Sporadane, men frå 2011 er dei skilt utsom ei eiga periferieining, Sporadane.
Grunnstoffa magnesium og mangan, og dessutan omgrepet magnetisme er kalla opp etter Magnisía.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Magnisía grensar til Fthiótida i sørvest, Lárisa i vest og nord og Egearhavet i aust. I nord låg tidlegare den no uttørka Kárlasjøen, omgjeve av jordbruksområde i vest og fjell i aust.
Kommunar
[endre | endre wikiteksten]Periferieininga var tidlegare var ein del av Magnisía prefektur saman med Skiáthos, Skópelos og Alónnisos. Frå 2011 har periferieininga dei fem kommunane[2]
- Rígas Feréos (6)
- Vólos (1)
- Zagorá-Mourési (4)
- Sør-Pílio (5)
- Almyrós (2)
Byar og tettstader
[endre | endre wikiteksten]Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:
| Tettstad | Kommune | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
|---|---|---|---|
| Vólos | Vólos | 86 046 | 85 803 |
| Néa Ionía | Vólos | 32 661 | 30 688 |
| Almyrós | Almyrós | 7 955 | 7 244 |
| Agriá | Vólos | 5 191 | 4 928 |
| Néa Ankhíalos | Vólos | 5 132 | 4 518 |
| Velestíno | Rígas Feréos | 3 044 | 2 922 |
| Evxinoúpoli | Almyrós | 2 281 | 2 076 |
| Dimíni | Vólos | 2 261 | 1 979 |
| Zagorá | Zagorá-Mourési | 2 074 | 1 894 |
| Stefanovíkio | Rígas Feréos | 1 970 | 1 468 |
| Káto Lekhónia | Vólos | 1 487 | 1 347 |
| Soúrpi | Almyrós | 1 457 | 1 295 |
| Rizómylos | Rígas Feréos | 1 482 | 1 215 |
| Argalastí | Sør-Pílio | 1 321 | 1 173 |
| Áno Lekhónia | Vólos | 1 068 | 983 |
| Kanália | Rígas Feréos | 1 015 | 893 |
| Pteleós | Almyrós | 1 140 | 890 |
| Anakasiá | Vólos | 1 012 | 888 |
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Folketeljing 2021
- 1 2 Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Magnesia frå Engelsk Wikipedia .