Vulkanen Chaitén

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chaitén
vulkan
Land  Chile
Fjellkjede Andes
Høgd 1 122 moh.
Koordinatar 42°49′58″S 72°38′45″W
Vulkantype Kaldera
Siste utbrot 2008-2010
Kart
Vulkanen Chaitén
42°49′58″ S 72°38′45″ W
Wikimedia Commons: Chaitén volcano

Chaitén er ein vulkansk kaldera med ein diameter på 3 km, som ligg 17 km vest for den isdekte vulkanen Michinmahuida og 10 km nordaust for byen Chaitén, nær Corcovadobukta sør i Chile. Det siste utbrotet starta 2. mai 2008 og enda i 2010. I følgje Global Volcanism Program har radiokarbondatering av eldre tefra vist at vulkanen hadde det førre utbrotet sitt kring 7420 fvt. ± 75 år.[1]

Bilete av den rhyolittiske lavadomen til Chaitén under utbrotet i 2008-2010.

Kalderakanten ligg 1122 meter over havet. Før det noverande utbrotet var han stort sett fylt av ein lavadom av rhyolittis obsidian som nådde høgda 962 meter over havet og var delvis dekt av vegetasjon. To små innsjøar okkuperer botnen av kalderaen på vest- og nordsida av lavadomen.[1]

Den gjennomsiktige grå obsidianen som hadde vorte kasta ut av vulkanen, vart nytta av førkolumbiske kulturar som råmaterial for lekamar, og er unnen opp til 400 km sør og nord for vulkanen, til dømes i Chan-Chan.[2][3]

2008-09-utbrotet[endre | endre wikiteksten]

Dei chilenske styresmaktene byrja ei evakuering av den nærliggande byen Chaitén (4200 innbggjarar) og det kringliggande området same dagen som utbrotet starta og hovudfasen var over den 3. mai 2008.[4] Ein eldre person døydde på sjøen på veg til Puerto Montt.[5][6] Ettermiddagen 3. maim hadde oskeskya frå utbrotet spreiddseg over Chile og Argentina til Atlanterhavet, og forureina drikkevatnenet, og visstnok dekka byen Futaleufú som ligg 75 km mot søraust med 30 cm oske.[5][7] Dette viste seg å vere overestimert, og seinare undersøkingar snte at avsetningane kring Futaleufú var mindre enn 5–10 cm.[8]

Bilete av oskesky frå 2008-utbrotet som strekkjer seg inn i San Jorge Basin i Atlanterhavet. MODIS, 2008-05-03.
Chaitén sett frå eit fly i oktober 2008.

Den 6. mai 2008 vart utbrotet kraftigare og produserte pyroklastiske straumar og mogelegeins nokre lavaeksplosjonar, og oskesøyla steig til ei høgd på kring 30 000 meter.[9] Folk som var att og nesten alle innbyggjarane i Chaitén og nærliggande landsbyar vart evakuerte,[10] og det same vart Futaleufú.[11]

Oskeskya den 6. mars 2009. EO-1.

Den 21. mai 2008 vart ein ny lavadom observert under oppbygging i krateret,[12] og 24. mai 2008 hadde overgått høgda til den gamle domen.[13] Lavadomen heldt fram å vokse utover sommaren 2008.[14]

19. februar 2009 kollapsa ein delvis dom og skapte ein pyroklastisk straum som strekte seg ned til Chaiténdalen og stoppa opp 5 km frå byen Chaitén.[15] Oska nådde igjen Futaleufúog delar av Chubut-provinsen i nabolandet Argentina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Chaitén». Global Volcanism Program, Smithsonian Institution. http://www.volcano.si.edu/world/volcano.cfm?vnum=1508-041. Henta 8. januar 2014. 
  2. Naranjo, José A; Stern, Charles R (December, 2004). «Holocene tephrochronology of the southernmost part (42°30'-45°S) of the Andean Southern Volcanic Zone». Revista geológica de Chile (Revista geológica de Chile) 31 (2): s. 225–240. ISSN 0716-0208. OCLC 61022562. doi:10.4067/S0716-02082004000200003. Henta 8. februar 2014. 
  3. (spansk) Pino, Mario and Navarro, Rayen. Geoarqueología del sitio arcaico Chan-Chan 18. Revista Geológica de Chile, 2005.
  4. «MINISTRO DEL INTERIOR EN CHAITÉN: “ES UN ÉXITO SIN PRECEDENTES HABER EVACUADO EN 24 HORAS A CUATRO MIL PERSONAS”» (Press release) (på spansk). ONEMI. 3. mai 2008. Henta 8. januar 2014. 
  5. 5,0 5,1 Malinowski, Matt (5. mai 2008). «Evacuations continue in Chile volcano zone». Patagonia Times. Arkivert frå originalen 9. mai 2008. Henta 8. januar 2014. 
  6. «One dead as Chilean volcano spews ash for third day». Reuters UK (Thomson Reuters). 4. mai 2008. Henta 8. januar 2014. 
  7. «Informe Nª- 248 04/05/08- Actividad Volcánica (Actualiza Información)» (Press release) (på spansk). ONEMI. 4. mai 2008. Henta 8. januar 2014. 
  8. Watt, S.F.L.; et al., (2009). «Fallout and distribution of volcanic ash over Argentina following the May 2008 explosive eruption of Chaiten, Chile». Journal of Geophysical Research (Journal of Geophysical Research) 114 (B04207). Bibcode:2009JGRB..11404207W. doi:10.1029/2008JB006219. 
  9. «Informe N°252 06/05/08 - Se activan todos los operativos de evacuación en Chaitén» (Press release) (på spansk). ONEMI. 6. mai 2008. Henta 8. januar 2014. 
  10. «Informe N°251 06/05/08 Se evacua de manera preventiva totalidad de personas en Chaitén» (Press release) (på spansk). ONEMI. 6. mai 2008. Henta 8. januar 2014. 
  11. «Chile eruption spurs evacuations». BBC News (BBC). 6. mai 2008. Henta 8. januar 2014. 
  12. «Chaitén: SI/USGS Weekly Volcanic Activity Reports». Global Volcanism Program, Smithsonian Institution. http://www.volcano.si.edu/world/volcano.cfm?vnum=1508-041&volpage=weekly. Henta 8. januar 2014. 
  13. «Actividad Eruptiva del Volcán Chaitén ha Decaído al Tipo Subpliniano» (Press release) (på spansk). SERNAGEOMIN. 26. mai 2008. Henta 8. januar 2014. 
  14. «informa sobre el volcán Chaitén» (Press release) (på Spanish). SERNAGEOMIN. 3. juli 2008. Henta 11. juli 2008. 
  15. «19.02.2009 Erupción del Volcán Chaitén Informe Especial» (Press release) (på Spanish). SERNAGEOMIN. 19. februar 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]