Wadi Mujib

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wadi Mujib
verneområde
Wadi Mujib nær Dhiban, mot sørvest
Land  Jordan
Koordinatar 31°27′57″N 35°34′24″E / 31.46583°N 35.57333°E / 31.46583; 35.57333
Areal 212 km²
Grunnlagd 1987
Styre Royal Society for the Conservation of Nature
Kart
Wadi Mujib
31°27′57″N 35°34′24″E / 31.465833°N 35.573333°E / 31.465833; 35.573333
Wikimedia Commons: Wadi Mujib

Wadi Mujib, historisk kalla Arnon, er ei kløft i Jordan som endar ved Daudehavet, 410 meter under havnivå. Mujib-reservatet i Wadi Mujib ligg i fjellandskapet aust for Daudehavet, kring 90 km sør for Amman. Det dekkjer 220 km² og vart oppretta i 1987 av Royal Society for the Conservation of Nature og er regionalt og internasjonalt viktig, særleg for fuglelivet her.[1] Det strekkjer seg til Kerak- og Madabafjella i nord og sør, og når ei høgd på 900 meter over havet somme stader, ein høgdeskilnad på 1300 meter.[2] Det flyt elvar i dalen året rundt, frå sju sideelvar, som gjer at Wadi Mujib har eit stort biologisk mangfald, som framleis vert utforska og dokumentert i dag.[3] Det finst over 300 planteartar, ti rovdyrartar og mange permanente fuglar og trekkfuglar.[1] Somme av dei fjerntliggande fjella og dalføra er vanskelege å nå, og er derfor tilfluktsområde for kattar, geiter og andre fjellddyr.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Al Mujib-dammen
Inne i kløfta.

Under den siste istida nådde vassnivået i Daudehavet 180 meter under havnivå, kring 230 meter høgare enn i dag. Dei lågareliggande delane av kløfta låg derfor under vatn og byrja å samle opp sediment. Etter kvart som klimatilhøva endra seg, fall vassnivået i innsjøen, og kløftene her var blokkert med mergel frå innsjøen.

Dei fleste elvane klarte å skjere seg gjennom dette. Men i Wadi Mujib, som er den bibelske Arnonelva, braut elva sg gjennom ei kløft av sandstein. Denne smale kløfta vart ein flaskehals for eit stort nedslagsfelt med stor vassføring. I løpet av åra vart kløfta djupare og djupare, og Wadi Mujib vart danna.

Mujib-reservatet består av fjell, klipper og ørken med lite vegetasjon, i tillegg til kløfter og djupe dalar som skjer gjennom platåa. Elvar, som er tørre til tider av året, strøymer ned til dalane og vidare til Daudehavet.

Fjellandskapet har sparsamt med vegetasjon, med ein steppe-aktig vegetasjon på platåa. Enkelte stader siv grunnvatn opp langs breidda av Daudehavet, som varmekjeldene ved Zara, der det veks tjukke kratt med akasie, tamarisk, phoenix og oleander, og ei lita myr.

Varmekjeldende i Hammamat Ma'in ligg nær grensa til reservatet og er eit populært turistmål.[3]

Det jordanske forsvaret har ein mellombels leir sør for reservatet.

Ein stor dam stod nyleg ferdig i botnen av wadien, der den moderne vegen kryssar elva. Som følgje av dette har det oppstått ein stor innsjø.[3]

Utsyn nordover: Til venstre er Al Mujib-dammen (i bakgrunnen), til høgre held dalen fram mot Daudehavet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Mujib naturreservat». Royal Society for the Conservation of Nature. Arkivert frå originalen 24. juni 2008. Henta 1. oktober 2015. 
  2. Jordan Eco & Nature. Jordan Turisme Board, 2006. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Jordan Leisure & Wellness. Jordan Turisme Board, 2006. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]