Dana biosfærereservat
Dana biosfærereservat | |||
verneområde | |||
Landskap i Danareservatet
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | |||
Grunnlagd | 1989 | ||
Styre | Royal Society for the Conservation of Nature | ||
![]() Dana biosfærereservat | |||
Wikimedia Commons: Dana Biosphere Reserve | |||
Dana biosfærereservat er det største naturreservatet i Jordan,[1] sør i den sentrale delen av landet. Dana biosfærereservat vart grunnlagd i 1989[1] i området i og rundt landsbyen Dana og Wadi Dana som består av 308 km².[2]
Busetnad[endre | endre wikiteksten]
Ata'ta-folket er innfødde innbyggjarar[2] i Dana biosfærereservat. Historia går attende 400 år, men dei første busetjingane her går attende meir enn 6000 år.[2] Det er gjort funn som kan vere frå eldre steinalder, i tillegg til egyptiske, nabateiske og romerske busetjingar i Dana.[2]
Geografi[endre | endre wikiteksten]
Dana biosfærereservat ligg frå ei høgd på 1500 meter over havet på Qadisiyah-platået til det lågtliggande ørkenområdet Wadi Araba.[1] Den varierte geologien i Dana består av kalkstein, sandstein og granitt. I Wadi Dana finn ein vinderoderte sandsteinskipper. Dana er det einaste naturreservatet i Jordan som kryssar fire biogeografiske soner: Middelhavet, iransk-turansk, saharo-arabisk og den sudanske penetrasjonen.[1]
Plante- og dyreliv[endre | endre wikiteksten]
Den mangfaldige naturen i Dana har 703 planteartar, 215 fugleartar, og 38 forskjellige artar pattedyr.[2]
Planter[endre | endre wikiteksten]
Dana har noko av det mest mangfaldige plantelivet i landet og vegetasjonen består mellom anna av fønikiske einer, eviggrøne eiker, sanddyner, akasie og klipper.[1] Dana er det sørlegaste området i verda der det veks middelhavssypress, Cupressus sempervirens. Det finst òg hundrevis av endemiske planteartar i Dana. Mange planter, særskild tre og kratt, veks i høglandet i naturreservatet.[1]
Utryddingstruga artar[endre | endre wikiteksten]
Nubisk steinbukk, syrisk gullrisk, karakal, og raudfalk held til i Wadi Dana og er utryddingstruga. Planar om å redde artane vart lagt fram av Global Environment Fund i 1994. I tillegg finst den største hekkekolonien av syrisk gullrisk i Dana naturreservat. Jakt er mellom anna ein av trugslane for desse dyra.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Dana biosfærereservat» frå Wikipedia på engelsk, den 2. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Dana biosfærereservat Arkivert 2015-05-22 ved Wayback Machine.