Wadi Rum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 29°34′35.4″N 35°25′11.74″E
Wadi Rum
وادي رم
dal
Wadi Rum Monument.jpg
Fjell i Wadi Rum
Land Flag of Jordan.svg Jordan
Guvernement Akaba guvernement
Høgd 1 750 moh
Koordinatar 29°34′35.4″N 35°25′11.74″E
Areal 720 km²
Busett 8000 fvt.
Styre Akaba Special Authority
Verdsarvstad
År 2011 (#35)
Nummer [http://whc.unesco.org/en/list/1377 1377 1377]
Kriterium i, iii, iv
Jordan location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Wadi Rum

Wadi Rum (arabisk وادي رم) òg kalla Månedalen (arabisk وادي القمر) er ein dal som har skjert seg ut i sandstein og granitt sør i Jordan, 60 km aust for Akaba. Han er den største wadien i Jordan.[1] Namnet Rum kjem truleg frå ei arameisk rot som tyder 'høg'.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Helleristingar i Wadi Rum

Wadi Rum har vore busett av mange kulturar sidan førhistorisk tid, og mange av dei har etterlate seg spor i form av helleristingar og tempel, inkludert nabatearane.

I vesten er Wadi Rum mest kjend for tilknytinga til den britiske offiseren T.E. Lawrence, som kryssa området mange gonger under arabaropprøret i 1917–18.[3] I 1980-åra vart ein av steinformasjonane i Wadi Rum kalla «Dei sju visdomssøylene» eller boka til Lawrence, som han skreiv etter boka, sjølv om 'Dei sju søylene' som vert omtalte i boka ikkje har noko med Rum å gjere.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Området er sentrert kring dalen Wadi Rum. Det høgaste punktet i Jordan er Um Dami på 1840 moh., og ligg 30 km sør for landsbyen Wadi Rum. På ein klår dag er det mogeleg å sjå Raudehavet og grensa til Saudi-Arabia frå toppen.

Jabal Rum (1734 moh.) er det nest høgaste punktet i Jordan og den høgaste toppen sentralt i Rum,[4] og stig direkte opp frå Rumdalen ovanom Jebel um Ishrin, som er kring éin meter lågare.

Det finst mange helleristingar på veggane i Khaz'ali-kløfta som syner menneske og antiloper, datert attende til thamudisk tid. Landsbyen Wadi Rum har nokre hundre beduinske innbyggjarar med geitehårstelt og betonghus, ein skule for gutar, ein for jenter, nokre få butikkar og hovudkvarteret til Ørkenpatruljen.[5]

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Wadi Rum er heimstaden til Zalabia-beduinar, som arbeider med klatrarar og turgåarar, og har utvikla ein økoturisme i området, som no er hovudkjelda deira. Område er eit av dei viktigaste turistmåla i Jordan, med stadig fleire utlendingar, særleg fjellklatrarar og fjellturistar, men òg for kamel- eller hestesafari, eller folk som berre er på dagstur frå Akaba eller Petra.

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Fleire filmar er spelte inn dette området:

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mannheim, Ivan (1. desember 2000). Jordan Handbook. Footprint Travel Guides. s. 293. ISBN 978-1-900949-69-9. Henta 27. september 2014. 
  2. tours in Wadi Rum
  3. Ham, Anthony; Greenway, Paul (2003). Jordan. Lonely Planet. s. 212. ISBN 978-1-74059-165-2. Henta 27. september 2014. 
  4. Scheck, Frank Rainer (1997). Jordanien: Völker und Kulturen zwischen Jordan und Rotem Meer (på German). DuMont Reiseverlag. s. 12. ISBN 978-3-7701-3979-8. Henta 27. september 2014. 
  5. Howard, Tony; Taylor, Di (May 1997). Treks and Climbs in Wadi Rum in Jordan. Cicerone Press Limited. s. 20. ISBN 978-1-85284-254-3. Henta 27. september 2014. 
  6. «Touristic Sites - South of Amman». Kinghussein.gov.jo. Henta 27. september 2014. 
  7. McClintock, Pamela (June 1, 2012), Box Office Report: 'Prometheus' Opening Ahead of 'Snow White' i U.K., Prometheus Global Media, Arkivert frå den opphavlege versjonen den June 12, 2012, http://www.webcitation.org/68N0fB1GE, henta June 3, 2012 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]