Waikaremoanasjøen

Koordinatar: 38°46′S 177°05′E / 38.767°S 177.083°E / -38.767; 177.083
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Waikaremoana
innsjø
Solnedgang over Lake Waikaremoana.
Land  New Zealand
Innsjøtype Oppdemd sjø
Høgd over havet 600 moh.
Areal 54 km²
Største djupn 256 m
Koordinatar 38°46′S 177°05′E / 38.767°S 177.083°E / -38.767; 177.083
Byar Āniwaniwa
Kart
Waikaremoanasjøen
38°46′00″S 177°05′00″E / 38.766666666667°S 177.08333333333°E / -38.766666666667; 177.08333333333
Plasseringa til Waikaremoanasjøen på Nordøya.
Plasseringa til Waikaremoanasjøen på Nordøya.
Plasseringa til Waikaremoanasjøen på Nordøya.
Wikimedia Commons: Lake Waikaremoana

Waikaremoanasjøen er ein innsjø i nasjonalparken Te Urewera National ParkNordøyaNew Zealand, 60 km nordvest for Wairoa og 80 km sørvest for Gisborne. Han har eit overflatemål på 54 km². Omsett frå maori tyder Waikaremoana «Sjøen med krusingar i vatnet».

Innsjøen ligg i hjarta av området til iwien Ngāi Tūhoe. Den vesle busetnaden Āniwaniwa og Waikaremoana Motor Camp ligg ved breiddene til sjøen, ved riksvegen New Zealand State Highway 38 (som går frå Wai-O-Tapu via Murupara til Wairoa), og bind innsjøen til vegsambanda sentralt på Nordøya, mellom anna til Rotorua og Gisborne. Det newzealandske Miljøverndepartementet (Department of Conservation) har eit kontor i Aniwaniwa. Fleire fottur-ruter startar her, mellom anna ein kort spasertur til Aniwaniwa Falls.

Waikaremoanasjøen er ein fritidsstad for folk som fiskar i sjøen, går turar og og er med på andre fritidsaktivitetar. Lake Waikaremoana Track, ein av dei kjende fotturane «Great Walks» på New Zealand, er ein tre til fire dagars tur som går om lag halvveges kring innsjøen. Ein kan gå turen individuelt, eller i ei gruppe med leiar. Der ligg hytter på rad langs ruta, her må ein tinga plass på førehand. Camping er tillate innanfor 500 meters fråstand frå stien.

Talet på dei som vitjar området vert halde noko nede på grunn av grusvegen som må brukast for å nå fram. Den vesle Waikareitisjøen ligg fire km mot nordaust.

Geografi og naturhistorie[endre | endre wikiteksten]

Waikaremoana er den djupaste innsjøen på Nordøya, 256 m djup, og overflata ligg 600 moh. Han vart danna for om lag 2 200 år sidan då ei stor mengd sandstein rasa ned frå Ngamoko Range og blokkerte elva som til då hadde runne ned gjennom dalen.[1] Andre geografiske kjennemerke er Panekiri Bluff og Puketukutukuhalvøya, der det er oppretta eit senter for å ta vare på kiwifuglar. Sjøen, som ligg omkransa av fjell som er kledde med naturleg skog som aldri har vore hoggen, vert sett på som den mest tiltrekkjande innsjøen på Nordøya. Mange innfødde fugleartar som er sjeldne i andre delar av Nordøya, kan ein treffa på i dette området. Eit program for å halda nede bestanden av revekusu (possum, Trichosurus vulpecula) vert halde i gang i området for å verna om skogen. Der er talrike planteartar i underskogen til skogsområda i nedslagsfelta, til dømes Crown Fern (Blechnum discolor)[2] I alle fall sidan tidleg på 1900-talet har blautdyr på botnen av sjøen vore granska av Colenso og andre.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Panorama[endre | endre wikiteksten]

Utsyn over Lake Waikaremoana frå Panekiri Bluff

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. L. Harper, T. Mudd, P. Whitfield, D. Hall (2006). The Rough Guide to New Zealand (5 utg.). New York - London - Delhi: Roughguides. s. 472. ISBN 1-84353-679-X. 
  2. C. Michael Hogan. 2009
  3. Royal Society of New Zealand. 1905

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]