New Zealand Great Walks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over New Zealand Great Walks.
Ei av dei mange strendene langs Abel Tasman Coast Track.
Ein alpin del av Kepler Track

New Zealand Great Walks er utvalde populære fotturruterNew Zealand. Dei er dei best tilrettelagde rutene på øyene, og går gjennom område med somme av dei vakraste naturtilhøva i landet. Turstiane held ein høg standard, og gjer det lett for turgåarar å nå somme av dei mest naturskjøne villmarksområda på New Zealand[1].

Hytter for overnatting langs rutene er høveleg plasserte, velutstyrte, og har god kapasitet. Både hyttene og stiane i Great Walks har ein høgare standard enn andre fotturruter i landet. New Zealand Great Walks er svært populære mellom utanlandske tilreisande, delvis fordi dei er tungt marknadsførte av Department of Conservation og turistoperatørar. Fleire av Great Walks har bookingordningar for å styra presset frå tilreisande. Guida turar er tilgjengelege gjennom private operatørar langs fleire av rutene.

Det er inga betaling, og heller ikkje trengst det løyve, for å ferdast på New Zealand Great Walks. Kostnadar og restriksjonar gjeld for overnatting, enten i hytter eller telt.

Oversikt over rutene[endre | endre wikiteksten]

Nordøya

Whanganui Journey i Whanganui National Park er ikkje ein fottur i det heile tatt, men ein kajakktur på den lengst farbare elva på New Zealand. Den er likevel administrert under Great Walks-systemet.

Sørøya

Stewart Island/Rakiura

Framtidige utvidingar[endre | endre wikiteksten]

Ein tiande Great Walk, den 45 km lange Paparoa Track er planlagd opna i desember 2019. Dette vil verta det første tillegget sidan det eksisterande nettverket Great Walks vart oppretta i 1993 [2].

Ei anna turrute, Pike29 Memorial Track, er for tida under utbygging fram til i det minste til desember 2020. Dette vil verta ei siderute til Pararoa-ruta.[3]. Denne ruta er til minne om dei 29 gruvearbeidarane som omkom i Pike River Mine-ulukka i 2010 [4].

I 2018 utlyste Department of Conservation innspel om ein ellevte Great Walk, og finalistane vart:[5].

I juli 2019 vart det kunngjort at den 61 km lange Hump Ridge Track skal verta New Zealands ellevte Great Walk. Det er planlagd ei oppgradering av stien og hyttene til ein kostnad av om lag 5 millionar NZD. Målsetjinga er at denne turstien skal gå inn i Great Walks-nettverket i 2022.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Emerald Lakes og Blue Lake på Tongariro Northern Circuit.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 100% Pure New Zealand. «100% Pure New Zealand». Henta 28. november 2019. 
  2. Department of Conservation. «Paparoa Track and Pike29 Memorial Track». Henta 28. november 2019. 
  3. «Paparoa Track and Pike29 Memorial Track». Henta 28. november 2019. 
  4. New Zealand History. «Pike River Mine disaster». Henta 28. november 2019. 
  5. «Where will New Zealand's next Great Walk be?». Henta 28. november 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]