Te Urewera nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Te Urewera National Park)
Hopp til navigering Hopp til søk
Te Urewera nasjonalpark
park
Towards East Cape.jpg
Land Flag of New Zealand.svg New Zealand
Region Hawke's Bay

Te Urewera National Park
38°32′20″ S 177°1′44″ E
Wikimedia Commons: Te Urewera National Park

Te Urewera natsjnalpark er ein av fjorten nasjonalparkarNew Zealand, og den største av dei fire på Nordøya. Parken dekkjer eit område på om kring 2 127 km², og han ligg nordaust for regionen Hawke's Bay.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den 28. juli 1954 vart tilsigsområda til Waikaremoanasjøen, Waikareitisjøen og andre statlege reservat oppretta som ein nasjonalpark, og i 1957 var det kome framlegg om å leggja til resten av dei statlege områda i Te Urewera nord for Ruatahuna. Desse framlegga vart formaliserte i november 1957 då nye område på 1 350 km² vart lagde til. Fleire tillegg kom i 1962, 1975 og 1979, med mindre utvidingar og grenseendringar i perioden mellom.

Maoriområde[endre | endre wikiteksten]

Te Urewera National Park.

Innsjøar og maori-enklavar vart ikkje tekne med i parkområdat. Staten har leigd sjøane som er administrerte av Miljøverndepartementet, Department of Conservation.

Te Urewera er det tradisjonelle heimlandet til Tuhoe-folket. På grunn av området sin geografiske isolasjon, vart det ein av dei siste regionane som vart gjort krav på under den britiske koloniseringa i på 1800-talet. Maorileiaren Te Kooti fann tilflukt her frå forfølgjarane sine, og danna ein allianse med Tuhoe.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet til parken kjem frå maoriorda ure som tyder 'penis', og wera, som tyder 'brent', slik er altså den bokstavlege omsetjinga frå maori 'brend penis' (nasjonalpark). Dette namnet kjem frå ei tradisjonell maoriforteljing, der ein høvding, for fleire hundre år sidan, døydde då han var ute på ei jaktferd i skogane som no utgjer parken. Han rulla over i søvne medan han låg nær leirbålet, og fekk store brannskadar i underlivet.

Dyre- og planteliv[endre | endre wikiteksten]

Alle dei innfødde fugleslaga på Nordøya, utanom wekarikse, held til i parken.[1] Kronebregne (Blechnum discolor) er ein utbreidd plante i skogbotnen.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Te Urewera National Park». Department of Conservation. Henta 22. november 2012. 
  2. C. Michael Hogan (2009). Crown fern: Blechnum discolor. Globaltwitcher.com, red. N. Stromberg.
  • Charles Rawlings-Way, Carolyn Bain, Brett Atkinson, Errol Hunt, Peter Dragicevich and Sarah Bennett. 2008. New Zealand, Lonely Planet Publications, Edition 14, ISBN 1-74104-816-8 756 sider