Wairoa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om den newzealandske byen. For elvar med same namn, sjå Wairoa River.
Wairoa
Wairoa District Council
Wairoa District Council
Styresmakter
Land New Zealand
New Zealand
Grunnlagd 1865[1]
Mayor Les Probert
Geografi
Flatevidd
 - Distrikt

4 119,18 km²
Innbyggjarar
 - Distrikt (2006)
 - Byområde

8 481[2]
4 272
Koordinatar 39°02′″S 177°22′″EKoordinatar: 39°02′″S 177°22′″E
Tidssone + 12 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: http://www.wairoadc.govt.nz
Plassering
Wairoa is located in New Zealand
Old Portland fyrlykt

Wairoa er ein by på NordøyaNew Zealand. Det er den nordlegaste byen i regionen Hawke's Bay, og han ligg på nordbreidda av Hawke Bay ved munningen til elva Wairoa River og vest for Mahiahalvøy. Byen ligg 70 km nordaust for Napier, og like langt sørvest frå Gisborne.

Av dei tidlegaste busetnadane i området var ein kvalfangststasjon og ein handelsstasjon, som for det meste handla med Phormium. Det opphavlege namnet til byen var Clyde, men dette vart snøgt endra for å unngå samanblanding med Clive nær Napier og ClydeSørøya. Den nordlege delen av byen vert enno kalla North Clyde. Byen voks fram under Newzealand-krigane, då han var ein garnisonsby.

Ved folketeljinga i 2006 var innbyggjartalet i byen 4 272.[3]

Wairoa er ein produksjonsby og tenesteby for landbruket rundt. Byen er òg sete for Wairoa District Council. Wairoa District omfattar den nordlege halvdelen av havbukta, og strekkjer seg frå Mahiahalvøya til Waikaremoanasjøen, og sør til munningen av Waikareelva. Distriktet hadde eit folketal på 8 481 ved folketeljinga i 2006.[2] Flatevidda til distriktet er 4 119,18 km².

Wairoa ligg ved riksvegen State Highway 2, som knyter han saman med Gisborne i nordaust og Napier i sørvest. Byen har samband med sentrale delar av Nordøya gjennom State Highway 38 som går frå Wai-O-Tapu via Murupara og Frasertown til Wairoa, og samband til Rotorua via Te Urewera og Waikaremoanasjøen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Te Ara - Encyclopedia of New Zealand
  2. 2,0 2,1 Statistics New Zealand QuickStats About Wairoa District Henta 23. august 2009
  3. Statistics New Zealand QuickStats About Wairoa

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]