Warwick
Warwick | ||
---|---|---|
![]() | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | ![]() | |
Konstituerande land | ![]() | |
Grevskap | Warwickshire | |
Distrikt | Warwick | |
Grunnlagd | 914 | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
23 350 | |
Koordinatar | 52°17′N 1°35′W / 52.283°N 1.583°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | CV34 CV35 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1926 | |
Warwick (utt. /ˈwɒɹɪk/) er administrasjonsbyen i Warwickshire i England. Han er òg administrasjonssenter for distriktet Warwick. Byen ligg ved elva Avon, omkring 18 km sør for Coventry.
Byen er mest kjend for Warwick Castle, eit slott som vart grunnlagt i 1068. Slottet er godt verna, og trekkjer mange turistar. Sentrum i byen har òg verna mykje av den historiske arkitekturen sin, med bygningar frå Tudortida og det 1600-talet.
Warwick School er ein privatskule for gutar som hevdar å vere den tredje eldste skulen i England som er i drift. Grunnleggingsåret er ukjent, men 914 blir nemnt som eit høve. Det som er sikkert er at det alt var ein skule der før normannarane invaderte i 1066. Han låg då ein annan stad; den noverande skulebygningen er frå 1879.
Byen er òg kjend for Warwick Racecourse, ein veddeløpsbane som ligg rett utanfor vestporten.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Ifølgje Den angelsaksiske krønika fekk Ethelfleda, systera til kong Edvard den eldre, sett opp eit forsvarsverk mot danane på staden der Warwick ligg i 914.[1] I 1016 invaderte danane Mercia og brann ned det meste av Warwick, inkludert eit nonnekloster som stod der St. Nicholas kyrkje står i dag.[2]
På grunn av festningsverka vart Warwick raskt eit viktig administrativt senter for Mercia. På 1000-talet vart England delt inn i administrative område, shires, og det området som vart styrt frå Warwick fekk namnet Warwickshire. Då Domesday Book vart skriven ned i 1086 var byen ein royal borough.
Seinare i mellomalderen vart Warwick kontrollert av jarlen av Warwick, og fekk ein bymur. Av denne er det berre vest- og austporten som er verna. På trass av at staden var eit administrasjonssenter og hadde bymur var det først i 1545 at Warwick fekk bystatus.
Under den engelske borgarkrigen kontrollerte parlamentarianarane byen. Sir Edward Payto leia garnisonen der under ei to veker lang kringsetjing, og klarte å halde kontroll over byen. Seinare oversyn viser at det 1644 til 1646 var ein garnison på omkring 350 menn der, under oberst Purefoy og major John Bridges.
I 1694 vart store delar av byen øydelagt av brann,[3][4] og det er på grunn av dette at ein finn mange bygningar frå siste delen 1600-talet og første delen av det 1700-talet. Brannen øydela òg det meste av den store soknekyrkja St. Mary, men både koret og Beauchamp-kapellet overlevde. Sistnemnde har namn etter Richard dei Beauchamp, 13. jarl av Warwick, som er gravlagd der.[5]
Kommunikasjon
[endre | endre wikiteksten]Warwick ligg nær M40 og hovudvegen A46. Byen har òg gode jernbanesamband, med direkte linjer til London, Birmingham og Stratford-upon-Avon med Chiltern Railways og Central Trains frå Warwick stasjon og Warwick Parkway stasjon.
Grand Union-kanalen renn gjennom byen.
Kultur
[endre | endre wikiteksten]J.R.R. Tolkien ser ut til å ha vorte påverka av Warwick og rolla byen har spela i kongedømet Mercia. Han kjende byen godt, og gifta seg der. The Book of Lost Tales, som vart påbyrja i 1917, grunngjev at byen har eit alvisk opphav, og gjev staden namnet Kôrtirion (Kôr svarar til gamalengelsk Gwar/war, som er første lekken i namnet Warwick). Tårnet midt i byen skulle dermed og ha alvisk opphav.
Lynn Forest-Hill presenterte i Timest Literary Supplement overtydande argument for at to viktige stader i bøkene hans var basert på Warwick: Edoras på den eldre, angelsaksiske byen og Minas Tirith på den normanniske byen med slottet. Med utgangspunkt i The lost tales finn ein og argument for at alvebyen Tirion har inspirasjonen sin herifrå.
Det er òg aspekt i handlinga i Ringdrotten som har parallellar i romansen Guy of Warwick.
Det historiske sentrumet i byen har vore bakgrunn i ei rekkje TV-seriar, som Dangerfield, Pride and Prejudice, fjernsynsserien Tom Jones og Moll Flanders.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Anglo-Saxon Chronicle, ed. M. Swanton (Dent, London 1997), s. a., s. 911–918.
- ↑ Slater 1981
- ↑ The governing charter of the borough of Warwick, Joseph Parks (1827), p. 51.
- ↑ Allen 2000, pp. 143–145
- ↑ [1] Encyclopædia Britannica. Vitja 4. mai 2020.
- Bibliografi
- Allen, Geoff (2000), Warwickshire Towns & Villages, Sigma Leisure, ISBN 1-85058-642-X
- Allison, K. J.; Dunning, R. W.; Jones, S. R. (1969), «The Borough of Warwick: Introduction», i Stephens, W. B., A History of the County of Warwick: Volume 8: The City of Coventry and Borough of Warwick, Victoria County History, s. 417–451, ISBN 0-19-722734-1
- Harfield, C. G. (1991), «A Hand-list of Castles Recorded in the Domesday Book», English Historical Review 106 (419): 371–392, JSTOR 573107, doi:10.1093/ehr/CVI.CCCCXIX.371
- Pevsner, Nikolaus; Wedgwood, Alexandra (1996) [1966], Warwickshire, The Buildings of England, Penguin Books, ISBN 0-14-071031-0
- Slater, Terry (1981), A History of Warwickshire, Phillimore, ISBN 0-85033-416-0
- Denne artikkelen bygger på «Warwick» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2011.