Shire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om den administrative eininga. For hesten, sjå shirehest. For elva, sjå Shireelva.

Shire (uttalt [ʃˈaiə]) er eit opphavleg angelsaksisk omgrep for administrative område i det noverande Storbritannia. Dei blei styrt av ein ealdorman og seinare av ein sheriff (shire reeve). Ordet kjem frå gammalengelsk scir som kjem frå protogermansk skizo, som viser til 'ansvar' eller 'beskytting'. Ein shire kunne vidare delast inn i fleire hundred (herad) eller wapentake (norrønt vápnatak).

Shire-ordninga blei først brukt i kongeriket Wessex under tidleg angelsaksisk tid. Byen York var inndelt i shire i Domesday Book frå 1086. Skottland blei først delt inn i shire i område busette av engelskmenn, som Lothian og Scottish Borders (Bernicia), på 800-talet. Kong David I av Skottland danna shire og utnemnde sheriffar over store delar av Låglandsskottland.

Kolonisering førte til at «shire» også blei brukt som nemning i Australia og USA.

Bruk av «shire» i stadnamn[endre | endre wikiteksten]

Grevskap i England med endinga -shire (raudt) og alternative namn med endinga -shire (oransje).

Shire gjekk seinare over til å bli county (grevskap), men ordet finst framleis i fleire grevskapsnamn, då med uttalen [ʃə]. Desse områda i England blir av og til omtala under eitt som «the Shires», og omfattar Bedfordshire, Berkshire, Buckinghamshire, Cambridgeshire, Cheshire, Derbyshire, Gloucestershire, Hampshire, Herefordshire, Hertfordshire, Huntingdonshire, Lancashire, Lincolnshire, Leicestershire, Northamptonshire, Nottinghamshire, Oxfordshire, Shropshire, Staffordshire, Warwickshire, Wiltshire, Worcestershire og Yorkshire. Elles har fleire grevskap alternative namn som ender med -shire: Devon kan også kallast Devonshire medan Dorset, Rutland og Somerset tidlegare også var kjende som Dorsetshire, Rutlandshire og Somersetshire.

I Skottland brukte ein nemninga «shire» lenger enn i England, ofte med uttalen schyr. I Skottland finn ein shireendinga i Aberdeenshire, Ayrshire, Banffshire, Berwickshire, Clackmannanshire, Cromartyshire, Dumfriesshire, Dunbartonshire, Inverness-shire, Kincardineshire, Kinross-shire, Kirkcudbrightshire, Lanarkshire, Morayshire, Nairnshire, Peeblesshire, Perthshire, Renfrewshire, Ross-shire, Roxburghshire, Selkirkshire, Stirlingshire og Wigtownshire. Fire andre grevskap har alternative shirenamn: Angus (Forfarshire), East Lothian (Haddingtonshire), Midlothian (Edinburghshire) og West Lothian (Linlithgowshire).

I Wales finn ein -shire i Brecknockshire (eller Breconshire), Caernarvonshire, Cardiganshire, Carmarthenshire, Denbighshire, Flintshire, Monmouthshire, Montgomeryshire, Pembrokeshire og Radnorshire.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]