Wasabröd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Knekkebrød frå Wasabröd

Wasabröd AB er eit matvarekonsern med marknadskontor i Stockholm. Det er eigd sidan 1999 av det italienske matvareforetaket Barilla. Foretaket er verdas største tilverkar av knekkebrød.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Foretaket vart grunlagt i Skellefteå i 1919 av Karl Edvard Lundström under namnet AB Skellefteå Spisbrödsfabrik. I 1931 vart det flytta til Filipstad og bytte i 1957 namn til AB Wasa Spisbrödsfabrik og i 1964 til Wasabröd AB etter kongeætta Vasa. I 1967 gjekk ein saman med Borden Foods i New York og danna OLW (Old London Wasa) etter Bordens fabrikk som heitte Old London. I 1982 vart foretaket seld til det sveitsiske legemiddelsforetaket Sandoz AG (som seinare kom til å inngå i konsernet Novartis AG), for å i 1999 å seljes til det italienske matvareforetaket Barilla. Wasa sel knekkebrød og andre bakerprodukt i 40 land, m.a. i Skandinavia, Tyskland, Frankrike, Italia og USA. Wasa har tre bakeri som ligg i Filipstad, Hamar (Noreg) og Celle (Tyskland).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]