Werd i Bodensjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Werd
øy
Werdøyane
Land  Sveits
Kanton Thurgau
Kommune Eschenz
Del av forhistoriske pelehus i Alpene, list of cultural properties in Eschenz
Stad Bodensjøen
Lengd 0,19 km
Areal 0,016 km²
Folketal 9
Kart
Werd i Bodensjøen
47°39′20″N 8°52′00″E / 47.6556°N 8.86667°E / 47.6556; 8.86667
Wikimedia Commons: Insel Werd

Werd er ei den største øya i den vesle øygruppa Werdøyane vest i Bodensjøen like før Hochrhein forlet innsjøen. Han ligg i det sveitsiske området mellom Stein am Rhein og Eschenz.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Werd var alt busett 5000 f.Kr. med styltehus. Ein har funne steinreiskapar frå mellomsteinalderen brukte av jeger-samlarar på øya. Mellom 1931 og 1935 vart det gjort utgravingar på øya under leiinga til Karl Keller-Tarnuzzer.

Vinteren 2005/2006 var tørr og vassnivået i Bodensjøen fall særs lågt. Dette avdekte store område ved breidda og nokre førhistoriske gjenstandar.

Sankt Othmar, den første abbeden i St. Gall-klosteret, vart send i eksil til Werd i 759. Han døydde på Werd den 16. november dette året. St. Othmar-kapellet på øya vart reist til minne om han på 1400-talet.

Øya er i dag eigd av benediktinske Einsiedeln-klosteret. Det vert i dag leigd ut til fransiskanarordenen.

Øygruppe[endre | endre wikiteksten]

Werd er den største øya i ei lita øygruppe. Ho har eit areal på 1,59 hektar og ligg i kommunen Eschenz. Ho er knytt til fastlandet via ei 125 meter lang trebru.

Dei to mindre øyane i gruppa ligg i kommunen Stein am Rhein i Kantonen Schaffhausen. Dei er ikkje busett og er ein del av eit natur- og fuglereservat.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]