Weymouth i Dorset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Weymouth

Weymouth Harbour Tramway
Weymouth Harbour Tramway
Weymouth Harbour Tramway
Plassering
Weymouth i Dorset is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Dorset
Distrikt Weymouth and Portland
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2006)

52 950
Koordinatar 50°37′″N 2°27′″WKoordinatar: 50°37′″N 2°27′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer DT3, DT4
Telefon-retningsnummer 01305
Commons har multimedium som gjeld: Weymouth i Dorset

Weymouth er ein kystby i Dorset i England. Han ligg omkring 8 km sør for Dorchester, og rett nord for Isle of Portland. Byen har ei lang sandstrand, og er ein av dei mest populære britiske feriebyane. Han er òg ein av inngangsportene til Jurassic Coast, som er ein verdsarvstad.

Namnet kjem av at byen ligg ved munningen av elva Wey. Området ved elveoset er saman med Radipolesjøen og eit naturreservat viktige stader for fugle- og fiskelivet i regionen.

Weymouth blir rekna som eit av dei første turistmåla i Storbritannia. Kong Georg III budde der i fjorten somrar mellom 1789 og 1805, noko som gjorde sjøbad og helseturisme svært populært. Arkitekturen langs strandgata er georgiansk, og i åsen over byen er eit stort bilete av kongen til hest skåra inn i den kvite kalken. Hesten er vendt vekk frå byen, og legenda fortel at kongen vart fornærma fordi han tok dette som eit teikn på at borgarane ikkje ynskte han velkomme, og at kunstnaren som stod bak han difor hengde seg. Turisme er er den viktigaste næringsvegen i Weymouth.

Ein meiner at Weymouth var den første hamna i England som vart råka av svartedauden, som kom med eit krydderskip i 1348.

Under første verdskrigen var Weymouth hovudtransitleir for dei australske og newzealandske styrkane.

Under andre verdskrigen var Weymouth og Portland viktigaste stadene, då det låg ein stor marinebase i Portland hamn, medan Weymouth hadde Nothe Fort. Desse installasjonane spelte ei viktig rolle i førebuingane til D-dagen.

Frå den historiske hamna går det no ferjer til Frankrike og Kanaløyane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]