Whangaparaoahalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Whangaparaoahalvøya
halvøy
Land  New Zealand
Kart
Whangaparaoa Peninsula
36°37′16″S 174°46′26″E / 36.621°S 174.774°E / -36.621; 174.774
Wikimedia Commons: Whangaparaoa Peninsula

Whangaparaoahalvøya ligg nord for AucklandNordøyaNew Zealand, nær sørenden av North Auckland Peninsula. Whangaparaoa er maori for 'Kvalbukta', og flokkar av spekkhoggarar og delfinar er ofte å sjå i farvatna kring halvøya. Dette området er ein del av Northern Auckland Zone i den urbane delen av Auckland. Det er kome framlegg (i 2006) om å innlemma området i North Shore City.

Inntil for heller kort tid sidan var dette området eit relativt tynt busett landleg distrikt som no er vorte ei form for fritidsstad og pensjonistområde for meir velståande menneske frå Auckland, som ligg 25 kilometer mot sør. Dette gjeld særleg staden Gulf Harbour på spissen til halvøya. Motorvegen State Highway One vart forlenga frå Auckland til Orewa sist på 1990-talet, dette har korta ned reisetida til Auckland og gjort området meir populært for pendlarar.

Halvøya strekkjer seg elleve kilometer austover inn i Haurakigolfen nord for forstadsområdet East Coast Bays. Øya Tiritiri Matangi ligg tre kilometer utanfor austenden av halvøya. Byen Whangaparaoa ligg på den sørvestre breidda til halvøya, og vert rekna som byrjinga av den strekninga av kystlinja som ber namnet Hibiscus Coast (Hibiscuskysten).

Busetnader langs halvøya er mellom andre Red Beach, Stanmore Bay, og Manly. I enden av halvøya ligg friluftsområdet Shakespear Regional Park. Eit stykke av turen fram hit kan kan takast på ein smalspora, dampdriven jarnveg, Whangaparoa Steam Railway.[1] Forsvaret på New Zealand eig også ein del av dette området, som har vore brukt til gjennomgangsleir for flyktningar.

I dei siste ti åra har det kome til ein tettstad ovanfor havbuktene Stanmore Bay og Big Manly Beach. Han har vakse, og der er no kome eit kjøpesenter, kino, bibliotek og ein offentleg servicesentral. Medan dette området tidlegare låg heller avsides, har denne utviklinga gjort det lettare å bu i utkantane, ikkje minst når utbygging av vegnett og kommunikasjonar har gjort at ein kan nå fram til bysenteret (Auckland) på 40 minuttar med bil utanom i rushtrafikken.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. L.Harper, T. Mudd, P. Whitfield og D. Hall: The Rough Guide to New Zealand, 5. utg. 2006, s. 155. ISBN 1-84353-679-X