Who's Making Love

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Who's Making Love
Singel av Johnnie Taylor
frå albumet Who's Making Love...
STS-2005
B-side

«I'm Trying»

Utgjeve 1968
Innspelt 1968
Sjanger Memphis soul
Lengd 2:47
Selskap Stax
STA-0009
Låtskrivar(ar) Homer Banks, Bettye Crutcher, Don Davis, Raymond Jackson
Produsent Don Davis

«Who's Making Love» er ein song skriven av Stax-låtskrivarane Homer Banks, Bettye Crutcher, Don Davis og Raymond Jackson, og innspelt av songaren Johnnie Taylor.

Han vart gjeven ut på Stax på seinsommaren 1968 og vart gjennombrotet for Taylor. Songen nådde toppen av Billboard Hot R&B Singles-lista og femteplassen på Billboard Hot 100.[1] Han vart ein av få singlar som Taylor vart kjend for. Med på innspelinga er husbandet på Stax med Booker T. & the MG's og Isaac Hayes (på klaverinstrument). Singelen vart den bestseljande for Taylor før «Disco Lady» nesten ti år seinare.

I følgje Bettye Crutcher var teksten inspirert av ein komisk song frå 1920-åra, «Who Takes Care of the Caretaker's Daughter (While the Caretaker's Busy Taking Care)».[2]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1968) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 5
U.S. Billboard Hot Black Singlar 1

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singlar: 1942-2004. Record Research. s. 568. 
  2. Rob Bowman, Soulsville, U.S.A.: The Story of Stax Records, p.163

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]