Wii Play
'Wii Play' | |
![]() | |
Utviklar(ar) | Nintendo EAD |
---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo |
Produsent(ar) | Katsuya Eguchi |
Design(ar) | Katsuya Eguchi (produsent) Shinobu Tanaka, Ryo Nagamatsu (komponistar) |
Komponist(ar) | Ryō Nagamatsu |
Serie | Wii-serien |
Plattform(er) | Wii |
Utgjeving | JP: 2. desember 2006 AUS: 7. desember 2006 EU: 8. desember 2006 NA: 12. februar 2007 |
Sjanger | Samværspel |
Spelemodus | Einspelar, fleirspelar |
Medium | 1 Optisk Wii-plate |
Stødde einingar | Wii-fjernkontroll, nunchuk |
Aldersgrense | PEGI: 3+ CERO: A ESRB: E OFLC: G |
Wii Play er eit samværspel for Wii, utvikla og produsert av Nintendo. Det vart gjeve ut på same tid som då Wii-konsollen vart lansert i Japan, Australia og Europa. I Nord-Amerika vart spelet lansert i februar året etter. Spelet blir rekna som ein del av Wii-serien, og til kvart eksemplar av spelet følgjer det med ein Wii-fjernkontroll. Den 31. mars 2009 hadde Wii Play selt 22,98 millionar eksemplar globalt.[1]
Oppsett[endre | endre wikiteksten]
Wii Play er ei samling av ni ymse spel, utforma for å demonstrere mange av funksjonane Wii-fjernkontrollen tilbyr. Alle dei ni spela kan bli spelte av opp til to spelarar. Det er berre eit spel tilgjegeleg for ein å spele når ein spelar Wii Play for første gong, men ein kan låse opp nye spel ved å prøve dei spela som alt er tilgjengelege. Spelet er bygd opp slik at spela gradvis blir meir utfordrande, i hovudsak ved at nye funksjonar hjå Wii-fjernkontrollen etter kvart blir introduserte og brukte i spela.
Det held med ein Wii-fjernkontroll for at ein skal kunne manøvrere alle dei ni spela i Wii Play, men ein kan nytte nunchuken i spelet «Tanks!» om ein vil det. Spelarane lagar eigne profilar ved å knyte Mii-figurar til spelet, og kan såleis tevle seg i mellom om rekordar i dei ni spela. Spelet lagrar dei fem beste personlege resultata i alle spela, og om ein spelar greier å få ein ny pers sender spelet ei melding om dette til Wii-menyen. Wii Play lønnar ein med medaljar om rekordane i spela er gode nok, og avhengig av bragda kan ein vinne medaljar i bronsje, sølv, gull eller platina i alle dei ni spela.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Financial Results Briefing for Fiscal Year Ended March 2009» (PDF). Henta 4. september 2009. Parameteren
|vitjingsår=
er ikkje støtta av malen. (hjelp); Parameteren|vitja_dag_månad=
er ikkje støtta av malen. (hjelp); Sjekk datoverdiar i|besøksdato=
(hjelp)
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Wii Play på Nintendo.no