Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 52, 2019

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Forslag 1: Disney-film som hentar mykje visuell inspirasjon frå Noreg og Skandinavia. Interessant i nynorsk samanheng i og med at hovudpersonane opphavleg skulle tale telemål. Aktuell sidan oppfølgjaren kjem ut i Noreg denne veka. Kanskje på kanten til reklame, men det kan tonast ned ved å ikkje lenke direkte til oppfølgjaren i framsideteksten.

Godt framlegg! Støttar det. --Ranveig (diskusjon) 14. november 2019 kl. 09:11 (CET)[svar]
Cosplayerar kledde ut som Elsa og Anna frå Frozen

Frozen er ein amerikansk dataanimert langfilm frå 2013, produsert av Walt Disney Animation Studios og utgjeven av Walt Disney Pictures. Han er den 53. animerte langfilmen frå Disney og er inspirert av eventyret Snedronningen av Hans Christian Andersen.

Filmen hentar mykje visuell inspirasjon frå Skandinavia, særleg norsk natur og byggjeskikk. Han fortel historia om ei prinsesse som drar på ei ferd saman med ein lokal isskjerar, reinsdyret hans og ein levande snømann for å finne den forsvunne systera hennar, som med sine overnaturlege evner har kasta ein trolldom over kongeriket dei bur i og dømt det til ein evig vinter.

Frozen hadde verdspremiere på El Capitan Theatre i Hollywood, California den 19. november 2013, før han vart tilgjengeleg på kino i USA veka etter, den 27. november. I Noreg og dei andre skandinaviske landa hadde filmen kinopremiere tredje juledag same året, under tittelen Frost. Filmen har vunne fleire prisar, mellom anna to Oscar-statuettar for beste animerte langfilm og beste originale song («Let It Go»). Les meir …