Wikipedia:Geografi/Utvald artikkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
{{{2}}}

Komi, eller Den komiske republikken (på komi Komi Mu eller Komi-landet), er ein delrepublikk i den europeiske delen av Russland, på vestsida av Uralfjella, i hovudsak innafor Petsjora-elva sitt nedslagsfelt. Komi er ei føderal eining i den russiske føderasjonen, og ein av dei tretten medlemmene av Barentsregionen. I nord grensar Komi mot Nenetsia, i nordaust mot Jamalo-Nenetsk, i aust mot Khanty-Mansia, i søraust mot Sverdlovsk-provinsen, i sør mot Perm-provinsen, i sørvest mot Kirov-provinsen og i vest Arkhangelsk-provinsen. Hovudstaden i republikken er Syktyvkar.

Les meir...