Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 6, 2024

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knuskkjuke

Knuskkjuke (Fomes fomentarius) er ei stor, hovforma kjuke som veks på daudt treverk. Ho veks gjerne på trestammar av lauvtre. Namnet har knuskkjuka fått fordi det vert laga knusk av ho. Ein har funne restar etter knuskkjuke ved steinalderbustader ved Rhinen i Tyskland frå så lenge som kring 30 000 år sidan. Ismannen Ötzi, som vart funnen i Alpane i Italia i 1991, hadde og med seg knusk. Han levde om lag 3300 f.Kr.

Knuskkjuke har sirkumboreal utbreiing. Ho finst både nord og sør i Afrika, i heile Europa og Asia og inn i austlege Nord-Amerika. Liksom andre kjuker er knuskkjuka årsak til kvitrote i stamma til vertstreet. Fruktlekamen syner seg ikkje før treet er nesten daudt. Fargen til fruktlekamen varierer i ulike soner på overflata. Han er oftast mørk grå, men òg lysegrå eller heilt mørk, nesten svart. Det er eit lyst belte nedst, der ein finn det yngste vekstlaget. Les meir …