Knusk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knuskbit til å laga eld med. Frå Sunnfjord Museum.
Eit stykke «lêr» av knusk.

Knusk er eit lêraktig, lettenneleg materiale som framfor alt blir framstilt frå kjuker, men òg anna liknande materiale.[1] Den vanlegaste kjukearten ein har nytta til dette er knuskkjuke. Knusk har hovudsakleg hatt tre nytteområde: eldstarting, sjukestell og klede.[2][3]

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet «knusk» stammar frå norrønt hnjóskr og fnjóskr.[4] Det kan også visa til anna tørt, lettenneleg materiale, eller kveike.[5] «Knusktørt» kan visa til noko som er særs tørt, inkludert i overført tyding.[6]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein har nytta knusk sidan steinalderen til å fanga opp gneistar ved eldstarting. Det er gjort funn av både knusk og knuskkjuke frå steinalderen fleire stader, også i Norden.[7] Eit godt døme er funnet av ismannen Ötzi,[8] som levde kring år 3300. f.Kr. under perioden kjend som koparsteinalderen. Denne mannen hadde med seg ein lêrpung med nokre flintreiskapar, knusk og svovelkis som kunne nyttast til eldstarting om glørne han bar med seg skulle sløkka.[9]

Fyrste gongen knusk blir nemnd i litteraturen er i leksikonet Naturalis Historia av romaren Plinius den eldre, som levde frå år 23 til 79 e. Kr.[10][11]

Knuskkjuke var tidlegare rekna som ei verkeleg nytteplante som ein gjerne dyrka, i tillegg til å plukka i skogen. I Sverige planta ein gjerne lauvtre nær gardar og landsbyar, framfor alt asal, som gjev ekstra store knuskkjuker.[9] I Danmark planta ein bøk på fuktige stader, og når planten hadde vokse i nokre år, blei toppen bøygd mot bakken og festa. På denne måten fekk ein tre som voks i boge, og trong ikkje stige når det var på tide å hausta.[9]

På 1800-talet var det store produsentar av knusk i noverande Tyskland, i Augsburg, Frankfurt am Main, Nürnberg, Strasburg og Ulm. Ulm hadde fabrikkar som leverte knusk til store delar av Europa. Deira produkt heitte Ulmer Schwamm.[12] Det blei òg eksportert knust frå Sverige, men det svenske knusken var hardare og grovare enn den porøse og fine frå Böhmen.[2]

I knuskfabrikkane kunne knusk ei stor bli kjuke bli banka ut til rundt 1 meter x 0,5 meter x 1,5 centimeter. Ein dyktig arbeidar kunne klara å banka 2-3 kilogram sopp per arbeidsdag.[13]

Materiale til knusk[endre | endre wikiteksten]

Snittskisse av knuskkjuke.

Den vanlegaste soppen å nytta til å laga knusk er knuskkjuke, Fomes fomentarius. Dette er ein kvitrotesvopp som kan finnast på dei fleste lauvtre, men er generell berre på bøk og bjørk, som han er ein vanskeleg skadegjerar for.[7]

Ein kan òg nytta soppartene raudrandkjuke[14], flatkjuke[14], gulrandkjuke[14] og ulike arter av eldkjuker til knusk. Seljeeldkjuke, Phellinus igniarius, er ei kjuke som parasitterer på selje og bjørk. Raudrandkjuke, Fomitopsis pinicola, veks normalt på daude bartre. Flatkjuka Ganoderma applanatum trivst på både bar- og lauvtre. Gulrandkjuka Phaeolus schweinitzii veks på gran og er blitt brukt av minst ein urfolksstamme i Alaska som knusk.[14] Vidare har kreftkjuke, Inonotus obliquus, og Phellinus gilvus blitt brukte til å laga knusk.[15][14]

Ein kan også laga knusk gjennom behandling av fleire urter. Den vanlegaste arten ved urteframstilling er filtkongslys, Verbascum thapsus, der ein nyttar loet på undersidene av blada, men hestehov har òg vore grunnlag for framstilling av knusk.[7][16]

Tilverking[endre | endre wikiteksten]

Knusk blir laga av den indre delen til fruktlakamen til knuskkjuka gjennom koking, tørking og banking.[7] Kjueken veks på trestammar av ulike slag. Med ein kvass kniv skjer ein av det harde, lyse skalet frå oversida av soppen. Det er hatteskorpa, porelaget og mycelkjerna som blir fjerna.[13][17] Like innanfor skalet finst det eit lysebrunt, lêrarta lager, og det er av dette mann ein lagar knusk av.

Materialet frå det indre av fruktlekamen blir skiva så tynt som mogleg. I fersk tilstand kan materialet bli omarbeidd direkte, elles må soppen blautleggast. Det er difor best å la kjukene vera på til ein er klar til å laga knusken.

Skivene blir så tradisjonelt kokte i like delar vatn og kaliumkarbonat. I nyare tid har ein i staden byrja nytta kaliumnitrat (salpeter) til kokinga, noko som gjev betre effekt.

Etter kokinga blir skivene banka ut med treklubbe eller rulla ut så at dei blir som store, tynne cornflake. Når dei er heilt tørka er dei klare til å brukast, har ein tøyliknande konsistens og liknar nærast stykke av garva skinn. Dei er litt lettare og noko brunare i farge enn dette.[13] Den beste knusken blir framstilt frå toppdelen av kjuka.

Eldmaking[endre | endre wikiteksten]

For å gjera opp eld med knusk slår ein gneistar med eldstål og flint. Berre eit lite stykke av knusken blir nytta. Knusken blir riven i kanten for å få ei lodden overflate som lettare fangar opp gneistane. Gneistane blir samla opp i knusken så det byrjar å gløda. Den glødande knusken blir gjerne lagt saman med tørt gras og einebork i ein neverrulle. Deretter bles ein i neverrullen til flammane slår opp.[18]

Andre bruksområde[endre | endre wikiteksten]

I sjukestell[endre | endre wikiteksten]

I samisk folkemedisin hadde knusk ei viktig rolle. Små knuskstykke blei tent på og plassert på byllar eller stader ein hadde vondt. Ein kunne òg brenna knusk utanfor kroppen, på til dømes ein stein eller eit tre.

Knusk har òg blitt nytta som blodstillende medisin for sår.[9] Gjennom kapillarkrafta syg den tørre knusken opp blodplasma, og dei raude blodcellene koagulerer raskare.

Knusk blei selt på apoteka fram til byrjinga av 1900-talet, under namnet Fungus chirurgorum.[9][2]

Knusk til klede[endre | endre wikiteksten]

Av det skinnliknande materialet har ein òg laga klede. På Livrustkammaren i Stockholm finst det ei lue og ein frakk laga av knusk. Desse er frå byrjinga av 1700-talet. Heilt inn på 1900-talet laga ein klede av knusk i Mellom-Europa.

Øvrig bruk[endre | endre wikiteksten]

Knusk har òg blitt nytta til å tørka fiskefluger, av same grunn som det er blitt nytta for blodstilling – for kapillarkrafta, som har ei sterkt sugande evne.[19]

Samane har òg brukt kjuker som myggmiddel. Dei laga hòl gjennom skalet på oversida, og gjorde eld slik at knusken sakte glødde og gav frå seg ein røyk som myggane mislikte. Han minner om røyken ein får frå grøne myggspiralar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Svenska Akademiens ordbok: Knusk (Trykka 1925)
  2. 2,0 2,1 2,2 Klas Jaederfeldt (1998). «Fnösktickan, Fomes fomentarius, och dess användningsområden – Månadens kryptogam april 1998». nrm.se. Naturhistoriska riksmuseet. Henta 19. desember 2014. 
  3. Svenska Akademiens ordbok: Knusk
  4. «knusk» i Nynorskordboka.
  5. «knusk» i Det Norske Akademis ordbok
  6. «knusktørr» i Nynorskordboka.
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Nationalencyklopedin 1991
  8. U. Peinter; R. Pöder; T. Pümpel (september 1998), «The iceman's fungi», Mycological Research (på engelsk) (The British Mycological Society (The Cambridge Journal Online)) 102 (10), s. 1153–1162, henta 20. desember 2014 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 «Göra eld med fnöske» (PDF). nrm.se. Nationellt resurscentrum för biologi och bioteknik. Arkivert frå originalen (PDF) 21. desember 2014. Henta 19. desember 2014. 
  10. Nils Keyland (1916). «Primitiva eldgörningsmetoder i Sverige – Gnideld, vrideld, slageld». Fataburen (Nordiska museet, Stockholm): 195. Henta 18. januar 2015. 
  11. Plinius den äldre: Plinii Naturalis Historia Liber XXXVI, 77 (latin). Henta 18 januari 2015. 
  12. «Pharmaceutisches Centralblatt». Google Books. L. Voss. 1833. Henta 1. januar 2015. 
  13. 13,0 13,1 13,2 Klas Jaederfeldt. «Hur man framställer fnöske ur fnösktickan». nrm.se. Naturhistoriska riksmuseet. Henta 19. desember 2014. 
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 14,4 Susan Labiste. «Substitutes for Tinder Fungus». primitiveways.com (på engelsk). Primitive Ways. Henta 17 januari 2015. 
  15. Susan Labiste. «Substitutes for Tinder Fungus». primitiveways.com (på engelsk). Primitive Ways. Henta 17. januar 2015. 
  16. «Kungsljus - Verbascum thapsus L.». Virtuella Floran. 2000. Henta 27 januari 2015. 
  17. Björn ”Nalle” Corander. «Eld utan tändstickor – elddonet». Björn Coranders hemsida. Arkivert frå originalen 9. juli 2014. Henta 19. desember 2014. 
  18. Erik Sjöqvist. «Tillverkning av fnöske». skansen.se. Skansen. Arkivert frå originalen 19. desember 2014. Henta 19. desember 2014. 
  19. Van Vliet 1999
  • Denne artikkelen bygger på «Fnöske» frå Wikipedia på svensk, den 15. januar 2024.
  • Fnöske, Bokförlaget Bra Böcker AB, Höganäs, 1991. ISBN 91-7024-619-X. 
  • Fly Fishing Equipment & Skills, Creative Publishing, 1999. ISBN 0-86573-100-4. 
  • Fnöske, 1917-1921. 
  • Annalen der Pharmacie, Volym 13–14, Meyerschen Hof-Buchh. und der Winterschen Universitäts-Buchh., 1835.