Ötzi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ötzi

Fødd ca.
Velturno
Død

ca. 3230 f.Kr.
Tisenjoch

Yrke sauegjetar, handverkar
Språk ukjend verdi
Nettstad https://iceman.it/en, https://iceman.it/de, https://iceman.it
Ötzi på Commons
Minnesmerke over Ötzi
Rekonstruksjon av Ötzis koparøks.
Ötzis støvel (sko).

Ötzi, ismannen, Hauslabjoch-mannen eller Similaun-mannen er dei moderne kallenamna til dei naturleg mumifiserte (djupfryste og uttørka) leivningane etter ein mann som vart funne i Alpane i Italia i 1991. Namna kjem av at leivningane vart funne om lag 3200 meter over havet i Ötztaleralpane i Tirol, i isbreen Hauslabjoch i fjellet Similaun. Leivningane vart funne av to tyske fotturistar, og i byrjinga var ein ikkje klar over kva for eineståande og kulturhistorisk viktig funn som vart gjort.

Ötzi vart funne så å seie på grensa mellom Austerrike og Italia. Difor oppstod det raskt ein disputt om i kva land mumien låg. Etter grundige undersøkingar vart det avklart at mumien låg 92 meter inn på italiensk territorium. Leivningane ligg i dag på eit arkeologisk museum i Bolzano i Italia.

Mannen[endre | endre wikiteksten]

Leivningane er radiologisk tidfesta til om lag 3300 f.Kr. (4 546 ± 15 BP), det vil seie til den bolken av førhistorisk tid som i somme samanhengar har fått nemninga koparsteinalderen. Då tette ismassar har halde liket djupfryst og stengd ute øydeleggande oksygen, og på den måten hindra at liket, klede og anna utstyr har rotna, har funnet gjort det mogleg å få fram mykje ny kunnskap om levevilkår og andre tilhøve for fem tusen år sidan ved hjelp av moderne granskingsmetodar av både liket og utstyret.

Røntgenfotografering har mellom anna synt at mannen hadde vore skote på med pil i venstre skulder og vorte skada, kan hende under ein kamp. Innvolane, vevet, mageinnhald osb. har vore mikroskopisk granska, og det same har vore gjort med pollen (blomsterstøv) som var funne på klede og utstyr. Då mannen døydde var han rundt 45 år gammal, og 154 cm høg.[1] På grunnlag av analysane av pollen, støvkorn og isotopsamansetjinga i tannemaljen meiner ein at han som barn har vekse opp i området i nærleiken det som no er byen Feldthurns nord for Bolzano, men seinare hadde tilhald i dalar som ligg om lag fem mil nordanfor. DNA-analyser har synt at han har høyrd til ei gruppe som det i vår tid ikkje kjend at det er nokon att av.

Tenna til mannen var slitne ned, truleg på grunn av at han ete mat laga av mjøl blanda med steinpartiklar som fylgje av at kornet var male ved hjelp av stein. Han har vore plaga med tannrote, og hadde dessutan eit lett bakterieåtak i kjevebeinet som med tida ville kunne føre til at tenna lausna (periodontitt). Det var slåande stor fråstand mellom framtennene i overkjeven.

På liket er det 15 grupper med til saman 47 blåsvarte tatoveringar (fargepigment stukke inn i huda) som var laga med kolstøv som fargeemne. Då somme av dei er plassert på stader som i vår tid er rekna som akupunkturpunkt, har det vore spekulert over om tatoveringa kan ha med ein tidleg form for akupunktur å gjere. Mannen har hatt sjukdommar på grunn av parasitter i magen, og han hadde skiveutgliding i veikryggen. Men slitasjen i ledda hans var liten i høve til alderen, og difor er det truleg at han høyrde til i dei øvre sjikta i samfunnet.

I håret var det så stor konsentrasjon av metall at det er truleg at han har hatt med koparsmelting å gjere, i det minste i ei avgrensa tid eller i somme høve.

Utstyret[endre | endre wikiteksten]

Mannen hadde bjørneskinnshue på hovudet. Han var kledd i ei pelsjakke av saueskinn (ikkje geiteskinn, som tidlegare opplyst). Skinnet hadde ulla på, og ullsida vende ut. Jakka var sydd saman av brune og kvite skinn, slik at ho fekk langsgåande striper i kvar si farge. På beina hadde mannen leggvarmarar som var noggrant sydd saman av mange skinnbitar. Som sytråd var nytta sener frå dyr. Det er ikkje funne eit godt svar på kvifor det var nytta ein slik lappeteppeteknikk.

Kring hoftene hadde han eit belte av kalvelêr med lêrreimar som både held leggvarmarane oppe, og som det var festa eit lendeklede til. Lendekledet rakk ned til knea.

På føtene hadde mannen støvlar som var laga av fleire material. Skafta var av okselêr (ikkje hjorteskinn, som tidlegare opplyst) med hårsida ut. Såla var av bjørneskinn med hårsida inn, og på undersida var det festa to lêrremsar på skrå som kryssa kvarandre, den eine over den andre. Kring randen av støvelen gjekk eit skinnband som skaftet og solen var sydd fast til og soleis held støvelen saman. Støvelen var fora med ei innersko som var fletta av tvinna gras, og mellom dette flettverket og læret i støvelskaftet var det stappa høy for å isolere mot kulda. Støvlene vart lukka med ei slags skolisse, og var tydelegvis laga for å skulle kunne nyttast under dei tilhøva ein må vere budd på i høgfjellet.

Mannen hadde ein øks med koparblad og treskaft. Bladet er av 99 % kopar, og analysar tyder på at metallet kjem frå Salzburg-området. Dette er det einaste av funna av koparøkser frå det fjerde hundreåret før Kr. som treskaftet ikkje er rotna vekk på. Mannen hadde òg med seg ein ikkje heilt ferdiglaga 1,8 meter lang langboge av barlind som han kan ha nytta koparøksa til å lage. CT-bilete av bogen syner at årringane i han er liggande og at det er yttersida av trestammen som dannar yttersida av bogen. Dessutan hadde mannen med seg fjorten pilar av filtkrossved (Viburnum lantana), ein meterhøg busk i kaprifolfamilien som er viltveksande i Sør-Europa. Berre på to av pileskafta var pilespissane av flintstein framleis på plass, festa med plantefiber og bjørkekvae. Mannen hadde dessutan med seg ein dolk av flint med handtak av askeetre.

I nærleiken av mannen vart det funne restar av ein ryggsekk og eit kar laga av bjørkenever, og eit anna, liknande kar låg attmed han. I ei belteveske vart det funne ymse steinreiskap; ei skrape, eit bor, eit fragment av eit blad og ein 7,1 cm lang syl, og spor av knusk og svovelkis til å lage eld med. Knivkjuke hadde han òg teke med seg, kan hende som lækjande middel, og ein bunt med tvinna strimlar av råhud og ei gjennomhola marmorplate som det er ukjend kva skulle kunne nyttast til.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ötzi - The mummy in the South Tyrol Museum of Archaeology», Museo Archeologico dell’Alto Adige (på engelsk), henta 29. november 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]