Knuskkjuke
Knuskkjuke | |
![]() Knuskkjuke | |
Systematikk | |
Rike: | Soppriket Fungi |
Rekkje: | Stilksporesoppar Basidiomycota |
Underrekkje: | Hymeniesoppar Agaricomycotina |
Klasse: | Ekte hymeniesoppar Agaricomycetes |
Orden: | Poresoppordenen Polyporales |
Familie: | Polyporaceae |
Slekt: | Fomes |
Art: | Knuskkjuke F. fomentarius |
Vitskapleg namn | |
Fomes fomentarius |
Knuskkjuke (Fomes fomentarius) er ei stor, hovforma kjuke som oftast veks på bjørk. Fargen varierer i ulike soner på overflata. Den er oftast mørk grå, men òg lysegrå eller heilt mørk, nesten svart. Namnet har knuskkjuka fått fordi det vert laga knusk av ho.
Liksom andre kjuker er knuskkjuka årsak til rotne i stamma til vertstreet. Fruktlekamen syner seg ikkje før treet er nesten daudt.
Bruk[endre | endre wikiteksten]
Knusk[endre | endre wikiteksten]
Knusk har den eigenskapen at han svært lett fengjer eld. Folk har brukt han i svært lang tid til dette formålet. Dei eldste arkeologiske funna av knuskkjuke ein kjenner til i Europa er om lag 12 000 år gamle. Eit anna vanleg namn på denne tendsoppen er «tønder» (med ulik uttale etter dialekt).
Knuskkjuka er fleirårig. Det er den unge kjuka, som enno er mjuk som vert brukt til knusk. Bruken av knusk kjenner ein til over alt der knuskkjuka veks, det vil seie den nordlege tempererte sonen.
Tillaging
Kjukene vert oppdelte. Det lause porelaget vert fjerna. Den mjuke innmaten vert utskoren med kniv. Innmaten vert laga til knusk. Det er noko ulik tradisjon om korleis dette vart gjort. Felles er at han vart oppbløytt i vatn, banka og tørka. Han har òg vorte oppbløytt i lut før han har vorte banka og tørka. Denne prosessen vart stundom oppatteken mange gongar. Soppen kunne òg verte lagd i urin før han vart banka. Når knusken er godt tørr, kan han brukast til å kveikje eld. Eit eldstål vert då slegen mot flint. Gneisten ein då får vert oppfanga på knusken der det vert ei glo, som kan nørast til eld. Fleire stader har ein skava opp soppen og laga eit tørt pulver som ein samlar i eit toderhus, der gneisten frå eldstålet vart fanga.
Det har vorte funne store uthola knuskkjuker som har vorte brukt til å frakte eld i.
Medisinsk bruk[endre | endre wikiteksten]
Knusk har og vorte brukt medisinsk. Alt Hippokrates viser korleis knuskkjuke kan brukast til kauterisasjon av sår. Då vert glødande knuskkjuke lagd rett på såret. Slik sårbehandling har vore brukt av samar heilt opp til seinare år. Praksisen er òg kjend i Kina og i Sibir.
Han dreg lett til seg veske, og har vorte brukt til å legge på sår for å stoppe blødning. Dette gjer at han har vore i bruk hjå lækjarar, tannlækjarar og barberarar.
Knusk har vore brukt til å drage ut verk or brannsår, og til å behandle menstruasjonsplager, hemorroidar og blærelidingar.
I Himalaya har knusk vorte brukt som urindrivande middel. Og i Nord-Kina har han vorte brukt til ulike kreftformer. Seinare forsøk har vist at feittekstrakt frå knusk inneheld steroidar som hemmar veksen av visse kreftceller hjå mus.
Tekstilar[endre | endre wikiteksten]
Knusk kan og brukast til å laga hovudplagg, dukar og andre tekstilar av. Dette vert særleg gjort i Romania og i andre land på Balkan. Teknikken har lange tradisjonar og går ofte i arv innan familiane.
Ein måte å gjere det på er å la kjuka ligge til den vert angripen av sopp. Ho vert bløytt i varmt vatn og lagd i tett plast. Då kan det ytste harde laget takast av. Ein kan no dage ut porelaget ein vil nytta i ein stor klump. Dette soppkjøtet vert så tekt til dømes over ei hatteform av bøk. Når hatten er tørr, vert den pynta ved at utforma småbitar av kjukestoffet vert limt på. Desse tekstilane er ikkje haldbare mot vatn.
Anna[endre | endre wikiteksten]
Knusken si evne til drage til seg væte, vert utnytta av sportsfiskarar som kan nytte han til å tørke fluger som har vorte for vasstunge.
På hobbybasis kan det, liksom av andre kjuker, lagast papir av knuskkjuke. Kjuka vert då finknust og blanda i vatn. Denne massen vert teken opp i ei form der vatnet får renne av. Så vert papiret tørka. Av knuskkjuke får ein brunaktig papir.
Brukt til farging av tråd gir knuskkjuke gul og gråbrun farge. Fargen kan variera alt etter om tråden vert beisa, og kva han vert beisa med.
Ismannen Ötzi, som i 1991 vart funnen i Alpane i Italia, hadde og med seg knusk. Han levde om lag 3300 f.kr.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Literatur
- Ove Arbo Høeg: Planter og tradisjon (Universitetsforlaget 1975)
- Leif Ryvarden: Ismannen Ötsi og hans kjuker. I sopp og nyttevekser nummer 1 2008.
- Ellen Bøe Nedrehagen: Knuskkjuke Fomes fomentarius brukt til tøy. I sopp og nyttevekser nummer 1 2008.
- Anne Molia: Kjuker du kan lage papir av. I sopp og nyttevekser nummer 1 2008.
- Trine Parmer: Om å lage soppapir - en veiledning. I sopp og nyttevekser nummer 1 2008.
- Anna-Elisa Torkelsen: Fiolett, gult, grønt, brun og svart - fargene får vi fra kjuker. I sopp og nyttevekser nummer 1 2008.
Nettstader