Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 8, 2006

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå Sossusvlei-ørkenen i Namibia.

Avskoging i Afrika vert sett på som eit problem. I Afrika er det mange land som har veldig lite skog, enten fordi miljøet ikkje er eigna for skog, eller fordi skogen er fjerna. Avskoginga kan resultere i erosjon, redusert biologisk mangfald og kan trua livsgrunnlaget til folk.

Det som vanlegvis blir peika på som hovudårsak til avskoging både før og no er det som blir karakterisert som dårlege jordbruksteknikkar, slik som svibruk, skiftjordbruk og overbeiting. Ei anna viktig årsak er industriell hogst og vedhogst. I tillegg kjem selektiv hogst som ikkje avskogar, men blir skulda for å degradere skog og bane veg for vidare degradering og avskoging. Industriell hogst av regnskog er vanlegvis drive av transnasjonale selskap og kjem sjeldan landet og lokalbefolkninga til gode. Ulovleg og uregulert hogst er også ein del av problemet i land som ofte har svake og korrupte styresmakter. Folkevekst blir også ofte direkte sett i samanheng med avskoging. At delar av dette slik som urbanisering fører til avskoging er ikkje så vanskeleg å forstå ettersom byar treng plass. På den andre sida viser studiar at folkevekst likså godt kan føre til «påskoging» grunna nyplanting. Les meir...

Førre tre veker: JødedommenAlvar AaltoEkkokardiografi