Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 8, 2012

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nikita Khrusjtsjov i Wien i 1961.

Nikita Khrusjtsjov (1894-1971) var leiar i Sovjetunionen under den kalde krigen. Han var fyrstesekretær i Det sovjetiske kommunistpartiet frå 1953 til 1964. Khrusjtsjov var ansvarleg for den delvise avstaliniseringa av Sovjetunionen, for å følgje opp framgangen i det tidlege romprogrammet, og for fleire relativt liberale reformer i innanrikspolitikken i landet. Partikollegaene til Khrusjtsjov fjerna han frå makta i 1964, og erstatta han med Leonid Brezjnev.

Khrusjtsjov var politisk kommissær under den russiske borgarkrigen. Han støtta utreinskinga til Stalin, og godkjende tusenvis av arrestasjonar. Under det som i Sovjetunionen var kjent som «den store fedrelandskrigen» (den andre verdskrigen), tente Khrusjtsjov som mellommann mellom Stalin og generalane. Han var med i det blodige slaget om Stalingrad. Etter krigen styrte han Ukraina, før han vart kalla tilbake til Sovjetunionen og vart ein av dei nære rådgjevarane til Stalin.

Dei politiske arvingane til Stalin slåst om makta etter at han døydde i 1953, og Khrusjtsjov gjekk, etter fleire år, sigrande ut av kampen i 1956. Khrusjtsjov håpa etter kvart på å kunne stole på rakettar når det gjaldt forsvar av landet, og gav difor ordrar om kutt i vanlege militære styrkar. Trass i kutta var perioden under Khrusjtsjov den mest spente i den kalde krigen, og krigen nådde høgdepunktet sitt med Cubakrisa. Les meir …