Wilhelm Breder
Wilhelm Breder | |
![]() Asta Nørregaard: Wilhelm Breder, 1879 | |
Fødd | 10. april 1816 Fredrikshald |
---|---|
Død | 15. januar 1890 (73 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Yrke | jurist, politikar |
Barn | Inga Breder |
Alle verv |
|
Paul Peter Wilhelm Breder (10. april 1816–15. januar 1890) var ein norsk jurist, embetsmann og stortingsmann, best kjend for sitt arbeid med jarnbaner.
Breder var fødd i Fredrikshald, der faren var sokneprest. Sjølv vart han student frå Fredrikshalds skule i 1834 og cand.jur. i 1840. Deretter arbeidde han som fullmektig hos sorenskrivaren i Nedenes, sidan i same stilling hos byfuten i Christiania. Tida 1847-54 var han stiftoverrettsprokurator i hovudstaden. Han var amtmann i Nordland 1854-58 og Buskerud frå 1858 til 1882. Sidan 1882 og livet ut var han tollkasserer i Drammen.
Breder var tredje representant for Nordlands amt på Stortinget i 1857 og på omframtstortinget 1858. Han var medlem av Lagtinget og i 1857 av gasje- og pensjonskomiteen. Dessutan var han formann i komiteen om fengselslova. Seinare var Breder frå 1868 styreformann i Drammen-Randsfjordbanen og frå 1874 av fellesstyret for Vestbanen.
Han døydde i Drammen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914