Wilhelm Preus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wilhelm Preus
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. desember 1883
Død

1970 (86 år)

Wilhelm Hakon Preus (13. desember 18831970) var ein norsk lektor frå Kristiansand som representerte kjøpstadene i VestfoldStortinget 1925-27, vald for partiet Høgre.

Preus var son til ein bakarmeister. Sjølv gjekk han skulevegen og vart student frå Aars & Voss skule i hovudstaden i 1902, og vart cand.real. frå universitetet i 1909. Han var lærar 1906-11 på Hauges Minde og 1911-13 på Frogner skule, begge i Oslo. I 1913 flytta han til Larvik og var overlærar ved Larvik kommunale høyere allmennskole. Tre år seinare vart han styrar av den kommunale handelsskulen og den tekniske kveldsskulen i Larvik. Frå 1931 arbeidde han som lektor på Ullern skole i Aker herad.

Frå 1916 til 1925 var Preus medlem i Larvik bystyre, siste tre åra sat han i formannskapet. Stortingsperioden 1925-27 møtte han på Tinget som representant for dei fem Vestfold-byane og Høgre. Han var då medlem i Universitets- og fagskulekomiteen.

Den 1. oktober 1944 flykta Preus over til Sverige, etter å ha lege i dekning mot politiet i over fem veker. Han vende heim i juni 1945.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]