Wilhelm Reich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wilhelm Reich
Wilhelm Reich in his mid-twenties.JPG
Fødd 24. mars 1897
Dobrjanytschi
Død

3. november 1957
Union County

Yrke psykiater, filosof, akademikar, seksualpedagog
Wilhelm Reich på Commons

Wilhelm Reich (24. mars 18973. november 1957) var ein ukrainsk-amerikansk psykiater, psykoanalytikar og forfattar fødd av jødiske foreldre i Ukraina (då ein del av Austerrike-Ungarn). Han studerte medisin i Wien, og blei interessert i psykoanalyse og læra til Sigmund Freud.

Reich var ferdig utdanna lege i 1922, og same året starta han privat praksis som psykoanalytikar.

På 1920-talet braut han med Freud og danna ei eiga retning innan psykoanalysen: den såkalla «karakteranalysen». I 1930-åra meinte han å ha oppdaga ein fysisk energi, «orgon», som han meinte eksisterte i atmosfæren og i alt levande. Han utvikla instrument som han meinte kunne utnytta denne energien til å handsama sjukdommar som til dømes kreft.

I 1933 gav han ut boka Fascismens massepsykologi som vart forboden av nazistane, noko som mellom anna. førte han til Noreg. Frå 1939 budde han i USA der han haldt fram med forskinga på orgon. Orgonterapien førte til at praksisen hans i 1947 blei etterforska, og han fekk forbod mot å halda fram med denne forma for handsaming.

Wilhelm Reich hadde mange tilhengarar i det psykoanalytiske miljøet i Noreg, men fleire vart kritiske til orgonterapien. Av dei mest trufaste tilhengjarane i Noreg var Nic. Waal og Ola Raknes.