Willem-Alexander av Nederland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Willem-Alexander av Nederland

Statsborgarskap Kongeriket Nederlanda
Fødd 27. april 1967 (56 år)
Universitair Medisch Centrum Utrecht
Yrke monark, dommar, flygar, aristokrat
Språk nederlandsk, engelsk, dansk, tysk
Medlem av Den internasjonale olympiske komitéen, Dutch royal house, Dutch royal house
Religion Den nederlandske reformerte kirke, Protestantiske kirken i Nederland
Far Claus von Amsberg
Mor Beatrix av Nederland
Ektefelle Máxima av Nederland
Nettstad https://www.royal-house.nl/members-royal-house/king-willem-alexander, https://www.koninklijkhuis.nl/leden-koninklijk-huis/koning-willem-alexander
Willem-Alexander av Nederland på Commons
Kong Willem-Alexander av Nederland.

Willem-Alexander (fødd 27. april 1967) er konge av Nederland og den eldste sonen av prinsesse Beatrix av Nederland og prins Claus von Amsberg. Han vart konge 30. april 2013 då mor hans, dronning Beatrix av Nederland, abdiserte.[1] Som konge av Nederland er han òg konge av Aruba, Curaçao og Sint Maarten, som saman med Nederland er ein del av Kongeriket Nederlanda.

2. februar 2002 fann bryllaupet med argentinskfødde Máxima Zorreguieta stad i Amsterdam. Dei har hittil fått tre døtrer:

Oppvekst og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Willem-Alexander vart fødd i Utrecht. I 1968 vart Johan Friso fødd og i 1969 Constantijn, begge i Utrecht.

Skulegangen hans byrja i Baarn, og fortsette i Haag. I Haag viste det seg at prinsen ikkje var ein topp-elev. Seinare studerte han vidare ved Atlantic College i Llantwit Major i Wales og tok eit internasjonalt baccalaureat.

Før han byrja å studere var han i Marinen som vernepliktig. Frå august 1985 til januar 1987 var han mellom anna ombord på Hr. Ms. «Tromp» og Hr. Ms. «Abraham Crijnssen». I 1988 var han offiser ombord på Hr. Ms. «Van Kinsbergen». På same tid byrja han å representere meir aktivt, mellom anna vitja han kommunar, fylke og offentlege instansar.

Han avslutta studieåra med å studere historie ved universitetet i Leiden, der både mora hans og bestemor hadde studert. I løpet av studenttida fekk han tilnamnet Prins Pils takka vere den entusiastiske deltakinga si i studentlivet utanfor førelesningane. Han forsvarte hovudoppgåva si i 1993. Temaet var korleis Nederland reagerte på at Frankrike bestemte seg for å ta ein status aparte innan NATO. Oppgåva vart aldri publisert og er ikkje allment tilgjengeleg. Dermed er det umogleg for utanforståande å bedømme kor godt dei vitskaplege arbeida til prinsen var. Deretter byrja leretida for å bli konge. Willem-Alexander hadde praksisperiodar i Flyvåpenet (der han mellom anna utdanna seg til flygar) og i Hæren.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Tittelen Prins av Oranien (nederlandsk Prins van Oranje) fekk han i 1980, då mora hans overtok trona etter dronning Juliana av Nederland. Då han fylte 18 fekk han rett til å delta i Raad van State, som er det viktigaste rådgjevande organet for den nederlandske regjeringa. Han vart dessutan tildelt ein apanasje.

Etter praksisperioden i Flyvåpenet var hovudopågavene hans rettsvesenet si makt, korleis Nederland blir styrt (internt) og frå 1997 òg nederlandsk bedriftsliv. Vidare spesialiserte han seg innan vasshandsaming, eit tema som Prins Claus rådde han til å studere.

Sport[endre | endre wikiteksten]

Entusiasmen hans for sport er noko som folka set pris på. Ein gong i 80-åra gjekk han under pseudonymet W.A. van Buren heile elfstedentocht på skøyter, noko som er ein prestasjon. Det er mange som ikkje kjem i mål når dei freistar seg på dette skeisemaratonet.

Reaksjonane var ikkje så positive då han storma ut på hockeybanen under dei olympiske sommarleikane i Atlanta i 1996. Det nederlandske damelaget hadde vunne olympisk gull. Meiningane var delt, og einskilde meinte at ein kronprins burde oppført seg meir representativt enn han gjorde. I 1998 vart han medlem av Den internasjonale olympiske komitéen (IOK).

Forloving og bryllaup[endre | endre wikiteksten]

Prins Willem-Alexander og prinsesse Máxima i 2010

30. mars 2001 vart forlovinga mellom argentinske Máxima Zorreguieta og Willem-Alexander offentleggjort. Forlovinga var omstridt på grunn av at far hennar, Jorge Zorreguieta, hadde vore medlem av den argentinske regjeringa under general Jorge Videla sitt militærdiktatur (1976 - 1983). Statsminister Wim Kok lét minister av Staten (ein ærestittel tildelt på livstid av regjeringa) Max van der Stoel løyse dette problemet som kunne ha ført til store vanskar for giftarmålet. Takka vere van der Stoel sine forhandlingar bestemte Maximas far seg for ikkje å vere tilstades under bryllaupsseremoniane. Rett nok var det først då statsminister Kok lova at det i framtida ikkje var sjølvsagt at Zorreguieta skulle vere tilstades ved (kongelege) tilstelningar at lova som gav løyve til gifaermålet vart vedteke.

I Nederland er det ikkje uvanleg at det er to bryllaypsseremoniar, ein for staten og lova og ein for kyrkja. Den statlege seremonien vart halde 2. februar 2002 i Beurs van Berlage i Amsterdam, medan den kyrkjelege fann stad i Nieuwe Kerk (den nye kyrkja). Prest var Carel ter Linden, som er prest i Klosterkyrkja i Den Haag og dessutan han som konfirmerte prins Willem-Alexander i 1997.

Under den tradisjonelle køyreturen med hest og vogn demonstrerte republikanarar og menneske som sympatiserer med dei argentinske mødrene frå Plaza dei Mayo i Buenos Aires på Koningsplein. Ei av hendingane var at ein plastpose med kvit latexmaling vart kasta på de Gouden Koets. Nokre arrestasjonar vart gjort, men det var ingen store uroer.


Militære rangar[endre | endre wikiteksten]

Han innehar følgjande militære offisersgrader, etter den siste forfremminga 27. april 2005:

  • Kommandør i den Kongelege Marine sin Reservestyrker
  • Reserve Brigade-general i Infanteriet (Koninklijke Landmacht)
  • Reserve Commodore i Luftvåpenet (Koninklijke Luchtmacht)
  • Reserve Brigade-general i den Koninklijke Marechaussee - eit militær politistyrke som i fredstid utfører sivilt politiarbeide (Royal Constabulary på engelsk)
  • Adjudant i ekstraordinær teneste hos Majesteten Hennar Dronninga.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

6. desember 2001 vart han tildelt Offiserskorset, fordi han då hadde tent H.M Dronninga som offiser i 15 år. Prins Willem-Alexander vart i 1996 tildelt storkors av St. Olavs orden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dronning Beatrix abdiserer frå Aftenposten

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]