Willem Kalf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Willem Kalf
Stilleben, ca 1660

Willem Kalf (161931. juli 1693) var ein nederlandsk målar som spesialiserte seg på stilleben. Han var var aktiv målar under den såkalla nederlandske gullalderen. Seinare i livet var han kunsthandlar og takstmann.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Kalf var fødd i Rotterdam, der faren var ein rik kledehandlar som deltok i styringa av byen. Mot slutten av 1630-åra reiste Willem Kalf til Paris, der han oppheldt seg i nær kontakt med dei flamske målarane i bydelen Saint-Germain-des-Prés. I Paris måla han for det meste småskala interiørbilete og stilleben. Kalfs landlege interiør er jamt over prega av grupper med grønsaker, bøtter, potter og panner, som han i framgrunnen arrangerte som eit stilleben. Figurane kom vanlegvis einast til syne i den dismete og utydelege bakgrunnen. Desse måleria høyrer til ein biletstil som, trass i at dei vart måla i Paris, i hovudsak vart utøvd i Flandern tidleg i det 17. hundreåret, av målarar som David Teniers den yngre og andre.

Kalfs interiørbilete frå landlivet hadde stor innverknad på fransk målarkunst, særleg i krinsen der Le Nain-brørne var sentrale. Dei halvvegs einsfarga stilleben som Kalf laga i Paris danna ei lekkje til dei såkalla banketjes som dei nederlandske målarane Pieter Claesz og Willem Claeszoon Heda og andre måla i 1630-åra. Gjennom 1640-åra utvikla Kalf banketje vidare til ein ny og overdådig form for stilleben, ei form som skildra ymse grupper med gull- og sølvtøy. Til liks med andre stilleben i samtida er desse måleria vanlegvis allegoriar over vanitas, forfengelegskapen.

Kalf sine stilleben varier lite i struktur, dei fleste inneheld stort sett dei same gjenstandane. Ofte dekker eit damaskklede eller eit gobelin eit bord med eit servise av ulike gull- og sølvtøy. Mange av desse gjenstandane har vorte identifisert som arbeid av bestemte gullsmedar, til dømes av Johannes Lutma. Nesten alltid er der ein kinesisk porselens-bolle, ofte bikka over slik at frukta veltar ut av han.

I 1653 slo Kalf seg ned i Amsterdam. Kringom 1663 slutta han som målar. Sidan arbeidde han som kunsthandlar og var jamvel takstmann. Mellom anna tok han del i vurderinga av ei stor samling italiensk måleri som vart frambode den tyske kurfyrsten Fredrik Vilhelm, ei samling som viste seg å vere av lågt verde.

Kalf døydde i Amsterdam.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]