Willetsnipe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Willetsnipe

Status i verda: LC Livskraftig

Willetsnipe i flukt syner eit karakteristisk mønster på undersida av vengeneFoto: Mike Baird bairdphotos.com
Willetsnipe i flukt syner eit karakteristisk mønster på undersida av vengene
Foto: Mike Baird bairdphotos.com
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Scolopacidae
Slekt: Tringa
Art: T. semipalmata
Namn på andre språk
  • Engelsk: Willet
  • Vitskapleg namn
    Tringa semipalmata

    Willetsnipe (Tringa semipalmata) er ein stor vadefugl i snipefamilien med hekkeområde i sentrale Nord-Amerika og har overvintring langs amerikanske kystar sør til Chile og Uruguay.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Hekkedrakta har sterkt gråbrun, spraglete overside, hals og bryst, undersida er kvit.
    Foto: Dick Daniels
    Vinterdrakta er karakterisert av jamt gråleg overside med gradvis overgang til kvit underside. Drakta manglar heilt flekker. Biletet frå Panama er varmt farga av sollys.
    Foto: Wikimedia-brukar Mdf

    Dette er den største Tringa-snipa, ho har ei kroppslengd på mellom 33 og 41 centimeter, og vekta kan variere så mykje som frå 175 til 375 gram.[1]

    Vaksne har blåleg, grå bein og eit langt, rett, mørk og kraftig nebb med blåskjer ved nebbrota. Kroppen er mørk gråbrun på oversida og lys under. Halen er kvit med eit mørkt band på slutten. Det karakteristiske svartkvite mønsteret på vengene er eit vanleg syn langs mange nordamerikanske kyststrender. Lætet er oftast eit 'kip-kip-kip', og fuglane kan opptre støyande.[2]

    Det finst ein vestleg og ein austleg underart. Den austlege hekkar frå Nova Scotia til Mexico og i Karibia. Dei overvintrar på den atlantiske kysten av Sør-Amerika. Den vestlege underarten hekkar ved ferskvatn på præriemyrar i det vestlege Nord-Amerika. Dei overvintrar på begge kystar, frå dei midtatlantiske USA-statar sørover til Brasil på atlanterhavskysten, og frå kysten av staten Oregon sørover til Peru og Chile på stillehavskysten.

    Willetsnipa lagar reiret på bakken, vanlegvis på godt skjulte stadar med kort gras, ofte i koloniar. Desse fuglane beitar på mudderbankar eller på grunt vatn, søkjer, eller plukkar opp føde ved hjelp av synet. Dei et hovudsakleg insekt, krepsdyr og marine ormar, men òg noko planteføde.

    Populasjonen fall kraftig på grunn av jakt på slutten av 1800-talet og tidleg på 1900-talet. Seinare har han auka og er no rekna som stabil. Ein trur det finst ca. 250 000 individ totalt av begge underartar. Arten er klassifisert som livskraftig av IUCN.[3]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. Van Gils, J., Wiersma, P. & Kirwan, G.M. (2016). Willet (Tringa semipalmata) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 11. juni 2016
    2. Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II, Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8
    3. BirdLife International (2016) Species factsheet: Tringa semipalmata. Henta frå http://www.birdlife.org den 11. juni 2016

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Willetsnipe