Tringa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tringa
Skogsnipe i vinterdrakt Foto: Wikimedia-brukar Alpsdake
Skogsnipe i vinterdrakt
Foto: Wikimedia-brukar Alpsdake
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Tringa
von Linné, 1758

Tringa er ei slekt i snipefamilien, Scolopacidae. Dette er 13 artar av elegante vadarar som hekkar på den nordlege halvkula, samla sett sirkumpolart. Dei fleste artane har typisk overvintringsområde sør for ekvator, nokre artar jamvel på det australske kontinentet.

Tringa-snipene deler fellesnamnet 'sniper' med artar i andre slekter slik som Actitis og Calidris.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er sniper med slank kroppsform, lange bein, og relativt langt, rettpeikande nebb. Dei beitar på grunt vatn, langs kystar av hav og inne i ferskvassområde, fleire artar overvintrar til dømes i Amazonasbassenget. Artane er mykje like, spesielt i fjørdrakta. Men dei fleste har meget typisk og særeige læte, som gjer dei enkle å identifisere. Dei får ei hekkedrakt med mørkare flekker enn vinterdrakta, hos sotsniper er heile sommardrakta langt mørkare enn hos dei andre Tringa-snipene. Alle manglar den karakteristiske mursteinsraude farga i hekkedrakta som nokre Calidris-sniper får.

Artane i denne gruppa varierer òg i storleik. Den minste, eremittsnipa, har kroppslengd frå 18 centimeter og willetsnipa kan bli opp til 41 centimeter. Alle Tringa-artane har ein liten rest av symjehud mellom tå nummer to og tre.[1]

Tringa-sniper et insekt, små krepsdyr, makk og blautdyr. Nokre artar tar småfisk og rumpetroll. Dei finn føda hovudsakleg på grunt vatn og mange artar kan løpe med nebbet dels ned i vatnet for å jage fiskar. Gluttsnipe og sotsniper leitar mat sjølv på relativt djupt vann. Nokre artar, som sotsnipe, kan velje å symje i samband med søk etter føde.

Nokre få artar kan i somme tilfelle legge reiret i tre. Skogsnipa nyttar trastreir i tre. Tringa-sniper legg typisk fire egg i kvart kull.

Tringa-sniper i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Sotsnipe
Foto: Savithri Singh
Gulbeinsnipe
Foto: Wolfgang Wander
Raudstilk
Foto: Andreas Trepte

Raudstilk hekkar i Europa og Asia inkludert det meste av Noreg. Dei norske hekkefuglane overvinrar lengst sør av den europeiske populasjonen, på vestkysten av Afrika.[2] Grønstilk hekkar i indre og austlege Noreg, mest på Austlandet, men òg i Finnmark. Dei overvinrar i Afrika sør for Sahara.[3] Sotsnipa hekkar i det indre Finnmark. Gluttsnipa hekkar omtrent frå Buskerud og nordover gjennom det meste av landet til indre Finnmark. Ho manglar på Vestlandet. Vinterkvarteret for dei fleste gluttsnipene frå Noreg er Afrika sør for Sahara.[4] Skogsnipa er hekkefugl på Austlandet og nordover til Nordland fylke.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Tringa i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.10 frå august 2015[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[6]

  • Skogsnipe, Tringa ochropus, Green Sandpiper, LC, Linné, 1758
    Nordlege Eurasia overvintring i sørlege Afrika, Sør-Asia, Filippinane og Australia
  • Eremittsnipe, Tringa solitaria, Solitary Sandpiper, LC, Wilson, 1813
    Alaska og Canada, overvintrar frå Mellom-Amerika, Golfkysten av USA, Karibia og sør gjennom det meste av Sør-Amerika
  • Sibirvandresnipe, Tringa brevipes, Gray-tailed Tattler, NT, Vieillot, 1816
    Høgtliggande område av Sibir, overvintrar i Søraust-Asia og Australasia
  • Alaskavandresnipe, Tringa incana, Wandering Tattler, LC, Gmelin, 1789
    Sibir og Alaska, overvintrar på vestkysten av Amerika, Hawaii og sørvestre Oseania
  • Sotsnipe, Tringa erythropus, Spotted Redshank, LC, Pallas, 1764
    Hekkar i nordlege Eurasia, overvintrar frå regionen rundt Middelhavet til Søraust-Asia
  • Plystresnipe, Tringa melanoleuca, Greater Yellowlegs, LC, Gmelin, 1789
    Alaska og Canada, overvintrar frå Mellom-Amerika, Karibia og over mykje av Sør-Amerika til Tierra del Fuego
  • Gluttsnipe, Tringa nebularia, Common Greenshank, LC, Gunnerus, 1767
    Palearktisk utbreiing, overvintrar i heile sørlege Afrika, sørlege Asia, gjennom Indonesia, Philippinane og til Australia
  • Sakhalinsnipe, Tringa guttifer, Nordmann's Greenshank, EN, Nordmann, 1835
    Stillehavskysten av Russland, overvintring nord i Bengalbukta, samt kystar av Malayahalvøya, Sumatra, og nordkysten av Borneo
  • Willetsnipe, Tringa semipalmata, Willet, LC, Gmelin, 1789
    Hekkar i Nord-Amerika, overvintrar langs kystar av Nord- Mellom- og Sør-Amerika
  • Gulbeinsnipe, Tringa flavipes, Lesser Yellowlegs, LC, Gmelin, 1789
    Alaska og Canada, overvintrar over store delar av Sør-Amerika og på Galapagos
  • Damsnipe, Tringa stagnatilis, Marsh Sandpiper, LC, Bechstein, 1803
    Frå austlegaste Europa gjennom Asia til søraustre Russland, overvintrar i Afrikasør for Sahara, India og Australasia
  • Grønstilk, Tringa glareola, Wood Sandpiper, LC, Linné, 1758
    Hekkar n Eurasia, overvintrar i sørlege Afrika, sørlege Asia og Australia
  • Raudstilk, Tringa totanus, Common Redshank, LC, Linné, 1758
    Det meste av Europa inkludert Island, gjennom Asia til og med Kina, overvintring i Afrika, Det indiske kontinentet og sørlege Asia med kystar av Filippinane og Indonesia, i ned til Australia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Piersma, T. & Bonan, A. (2016). Sandpipers, Snipes, Phalaropes (Scolopacidae). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta 12. juni 2016.
  2. Peder Fiske, Rødstilk Tringa totanus i NOF, Norske fugler
  3. Stein Are Sæther, Grønnstilk Tringa glareola i NOF, Norske fugler
  4. Peder Fiske, Gluttsnipe Tringa nebularia i NOF, Norske fugler
  5. Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood; D. Roberson (august 2015), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.10 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. januar 2016 
  6. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tringa