William Nygaard d.y.
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask. |
| William Nygaard d.y. | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 16. mars 1943 (83 år) Oslo |
| Yrke | forleggjar, forretningsdrivande |
| Språk | norsk |
| Medlem av | Det Norske Akademi for Språk og Litteratur |
| Far | Mads Wiel Nygaard |
| William Nygaard d.y. på Commons | |
William Nygaard d.y. (fødd 16. mars 1943) er ein norsk forleggjar, tidlegare forlagssjef og administrerande direktør i forlaget H. Aschehoug & Co. A/S.
Frå 2013 til 2019 var han styreleiar i Norsk PEN.[1] Han har vore styremedlem i Aschehoug-konsernet sine heil- og delvis åtte dotterselskap. Nygaard har òg vore styremedlem i Visjonær Teater og det samiske forlaget Davvi Girji. Frå 10. juni 2010[2] til juni 2014 var han styreleiar i NRK.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]William Nygaard d.y. vart fødd i Oslo som son av forlagsdirektør Mads Wiel Nygaard (1898–1952) og Margrethe Louise Kildal (1911–2004) og soneson av forleggjaren og politikaren William Nygaard d.e., som var leiar for Aschehoug i over femti år.[3] Både faren og farfaren døydde då William Nygaard var ni år gammal.[3]
Nygaard studerte til siviløkonom ved Universität St. Gallen i Sveits i 1967. Han studerte litteratur ved Harvard University i USA i 1988.[3] Han arbeidde i Forenede Annonsebyråer (no MMI – Markeds- og Mediainstituttet as) og i bedriftrådgjevarselskapet Asbjørn Habberstad A/S.[3] I 1972 vart han disponent i Pedagogisk Forlag, eit dotterselskap til Aschehoug.[3]
Aschehoug
[endre | endre wikiteksten]William Nygaard vart forlagsdirektør i H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) A/S etter at Arthur Holmesland døydde i 1974.[3]
Etter at Aschehoug tidlegare mest hadde utgjeve skule- og undervisingslitteratur, endra William Nygaard som ny forlagssjef profilen og politikken til forlaget ved å satsa på skjønnlitteratur og store bokverk. Nygaard satsa dessutan på sakprosa med eit breitt utgjevingsprogram innan dokumentar- og faktalitteratur. Detta omfatta både norske og omsette bøker og òg barne- og ungdomsbøker. Aschehoug innførte etterkvart eit nytt og variert billigbokprogram både med aktuelle samtidsforfattarar og med klassikere som Sigrid Undset og Johan Falkberget. William Nygaard var ein pådrivar i utgjeving av dei store nye bokverka forlaget etterkvart lanserte med mellom anna Norges kulturhistorie, Aschehougs verdshistorie, Norge i krig, Vestens tenkere, Husadvokaten, Norges musikkhistorie, Norsk idehistorie og Aschehougs norgeshistorie. I tillegg til dei store verka satsa forlagssjefen på store enkeltbøker, mellom anna dei eigenutvikla kunstbøkene om Munch, Vigeland, Grieg og Ibsen, og store internasjonale samproduksjonar som Aschehougs Barneleksikon.
William Nygaard var aktiv i å utvikla nye konsept omkring utgivinger med vekt på serier og identitet, gjort tydeleg gjennom bøkenes formgivning og design og riktig pris. Nygaards utdanning som siviløkonom og tidlegare røynsle frå konsulentverksemd ga nye impulsar i forlaget og medverka til at moderne marknadsføringmetodar vart teken i bruk med testing av bokpris, design og utstyr. Nytt direktesal vart òg utvikla som eit supplement til bokhandlere. Kunnskapane og røynslene på desse områda kunne William Nygaard òg ta med seg som styremedlem i dotterselskapa, både i bokklubbane, Forlagssentralen og Kunnskapsforlaget.
Forlagspolitikk
[endre | endre wikiteksten]Som styremedlem i Den norske Forleggerforening markerte William Nygaard seg tydeleg med eit engasjement for fastprissystemet og den norske Bokavtalen. Engasjementet dreidde seg om avtaleverket, men meir grunnleggjande dreidde det seg også om å få aksept for at omsynet til litteraturpolitikken måtte vegas i høve til den nye konkurransepolitikken.
Attentatforsøket i 1993
[endre | endre wikiteksten]Den 11. oktober 1993 vart Nygaard skoten og livstruande skadd utanfor sin bustad. Fyrst 25 år seinare sikta Kripos fleire gjerningspersonar.[4] Det vert anteke at bakgrunnen for attentatet var Aschehougs utgjeving av den kontroversielle romanen Sataniske vers av Salman Rushdie, som utløyste ein islamistisk fatwa mot forfattaren og omsetjarane av bok og forlegger. Etterforskinga av attentatet vart gjenopptatt i 2018, då ein konkluderte med at den opphavlege etterforskninga var mangelfull. Nygaard overlevde drapsforsøket og heldt fram som sjef i Aschehoug fram til 31. mars 2010. Då overtok sonen Mads Nygaard som konsernsjef i Aschehoug. I april 2024 vart saka henlagt av statsadvokaten i Oslo.[5]
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- Fritt Ords Pris 1994 for sin innsats for ytringsfridomen
- 1998 Segerstedt-prisen
- 1998 riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden
- 1998 saman med Salman Rushdie æresdoktor ved Universitetet i Tromsø
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «William Nygaard gjenvalgt som styreleder i Norsk PEN». Den norske Forfatterforening (DnF) (på norsk bokmål). Henta 9. oktober 2018.
- ↑ «William Nygaard ny styreleder i NRK». Kulturdepartementet. 10. juni 2010. Henta 10. juni 2010.
- 1 2 3 4 5 6 Tveterås, Egil (30. juni 2022). «William Nygaard». Norsk biografisk leksikon (på norsk).
- ↑ Isungset, Odd. «Skuddene mot William Nygaard: Flere siktet for attentatet». NRK (på norsk bokmål). Henta 9. oktober 2018.
- ↑ Waaler, Ingrid Emilie (9. april 2024). «Statsadvokaten henlegger attentatforsøket på William Nygaard». NRK (på norsk bokmål). Henta 9. april 2024.
- Denne artikkelen bygger på «William Nygaard d.y.» frå Wikipedia på bokmål, den 11. oktober 2018.